Hopp til innhold

Litterære tekster

Over mark og mose

Fire cherrox-støvler på rad: en neongrønn, en mørk lilla, en rød og en signalgrønn. To av støvlene har spesialdesign med dyretrekk og dyreklør. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Maria Parr: Over mark og mose

0:00
-0:00

Over mark og mose

Hugsar de korleis det var å ta av seg cherroxane før i tida? Desse fôra støvlane utan snøring som alle barn har? Hugsar nokon korleis det var å ta dei av seg? Om våren? Eg hugsar.

Det var slik før i tida, at vinterplagga fall, eitt for eitt, etter kvart som varmegradene gjorde seg gjeldande i ustabile kurver frå slutten av mars og utover. Kor raskt klesplagga forsvann, varierte uunngåeleg frå familie til familie. Og det var alltid nokon som låg framom.

− Dei gjekk utan hue på torsdag! kunne vi seie, og vise til skråsikre observasjonar av jamnaldrande som hadde kome lenger enn oss i prosessen. Utan verknad i det heile. Vinterplagga vart like forpinna plukka vekk i vår familie sitt tempo, avhengig av samspelet mellom fukt, temperatur og mamma sin udiskutable vetorett heimla i skjøn og meteorologisk autoritet.

Ein dag var det lov å gå på skule utan strømpebukser. For første gong det året. Ein annan dag vart boblejakka og tjukkegenseren bytte ut med ei halvkrølla og uvand dongerijakke. Så forsvann hua. Ofte langt ut på seinvåren.

Og ein dag, ein vakker dag som dei seier, fall cherroxane.

Den dagen var det sol. Alltid. Og fuglesong, og mose som ikkje gav frå seg vatn når ein steig på. Og kvitveis. Og joggesko. For aller, aller første gong det året. Og om eg prøver det eg er god for, så trur eg ikkje eg greier å skildre den kjensla.

Ære vere cherroxane. Cherroxane er ei velsigning på mange måtar. Små, klumpete vintersko i glade fargar som held ute alt som kan føre til øyrebetennelse og anna elende. Vatn og kulde og alt, det held cherroxane ute. Men cherroxane held ein også nede. Det er ikkje til å kome forbi. Cherroxane dreg mennesket nedover. Dei forsterkar tyngdekrafta. Limar stega til bakken. Dei er tunge. Veldig tunge. Og ingen veit kor tunge dei verkeleg er, før ein får ta dei av seg. For første gong om våren.

Hugsar de dei ti−femten første stega med joggesko? Mens føtene enno ikkje hadde omstilt seg frå cherrox-tyngda, men feilberekna og sende eit lite menneske nesten til himmels når det hoppa og sprang over mark og mose? Det var som å flyge. Heilt som å flyge. Inne stod cherroxane. Ute flaug eit nesten krakilsk, lukkeleg menneske med joggesko for første gong. Så lett, så lett. Slik var det.

Eg tenkte på det for nokre dagar sidan. Ein vakker dag med sol som tørka opp marka og mosen.

− I dag, tenkte eg, − i dag hadde eg fått lov til å gå utan cherroxar for første gong, dersom det var før i tida. Og eg såg ned på beina mine som stod mellom kvitveis og vaknande gras. Dei hadde lette sko på seg. Allereie. Beina som stod der, hadde gått med lette sko stadig vekk, heile vinteren igjennom.

Og det var sårt å stå der mellom kvitveisen, utan å ha gått med cherroxar kvar salte dag sidan november. Ingen seier at eg er nøydd til det, lenger. Og ingen går i cherroxar kvar dag utan at nokon seier at ein er nøydd til det.

Men det er eit tap. For å springe over mark og mose den første vårdagen med joggesko, det er fint, det. Det er kanskje det aller finaste som finst i heile vide verda.

CC BY-NC-NDSkrevet av Maria Parr.
Sist faglig oppdatert 15.01.2019

Læringsressurser

Essay og kåseri