Hopp til innhold

Litterære tekster

Eg snakkar om det heile tida

Camara Lundestad Joof er født i Norge, med norsk mor og gambisk far. I boka Eg snakkar om det heile tida skriver hun om rasisme hun har opplevd.

Å SLUTTE

Eg bestemmer meg ofte for å slutte. Med jamne mellomrom bestemmer eg meg for å slutte å snakke med kvite menneske om rasisme. Somme gonger fordi det kjennest som bortkasta energi i møte med ei uproduktiv skuldkjensle. Skuldkjensla manifesterer seg ofte i tårer. Det hender eg tenkjer at eg blir betalt for å få folk til å gråte.

Somme gonger bestemmer eg meg for å slutte i møtet med den innbitne forsvarsposisjonen kvitheita får når den blir mint på at den er kvit.

Ingen liker å bli mint på hudfargen sin. Somme blir veldig sinte.

Og same kva eg har å seie, kan det seiast nesten likså tydeleg av andre kvite menneske, og dei vil kunne seie det utan at det kostar dei så mykje. Og kanskje folk ville lytte meir til dei.

For det er med ein enorm emosjonell kostnad eg har desse samtalane om og om igjen, det er emosjonelt arbeid. I rolla som pedagog går eg inn i ein viss modus i alle desse samtalane. Det finst ingen dumme spørsmål, seier eg. Eg pustar med magen og svarer, og pedagogen forlèt meg ikkje. Til slutt blir det vanskeleg å skru ho av.

Så når eg sit i ein taxi i København og sjåføren spør kvar eg kjem frå og kva eg gjer, så svarer eg. Og når han spør om kva slags kunst eg lagar, så svarer eg. Og når han spør om han kan stille meg eit personleg spørsmål, så seier eg ja. Og så spør han om eg trur det er raseskilnad på å ligge med svarte damer samanlikna med kvite damer – han har alltid hatt lyst til å ligge med ei svart dame, fordi vi kanskje har noko meir dyrisk i oss, i DNA-et på ein måte. Eller trur eg kanskje det handlar meir om kultur enn om hudfarge? Då svarer eg han. Og pedagogen er på. Så eg svarer sakleg. Og sakte. Med forståelege ord, og ei røyst som ikkje skingrar, ei røyst utan støy, og eg er meir tydeleg enn sint. Og han takkar meg for svaret og seier det hadde han ikkje tenkt på. Og at det skal han tenkje meir på. Og neste gong skal han til og med kanskje tenkje seg om. Og eg betaler. Og går ut av taxien. Og eg tar ein sigarett før eg trykker på ringeklokka til venninna mi. For eg har ikkje lyst til å vere ho som igjen kjem stormande inn i leilegheita på besøk og får alt til å handle om meg sjølv og noko som har skjedd meg. Dette skjedde meg. Som igjen får alt til å handle om meg og hudfargen min. Så eg tar ein røyk før eg ringer på. Trekker røyken djupt ned i lungene, drar den ned i magen.

(Lundestad Joof, 2018, s. 9–10)

BUNAD I

Vi har ein bunad i familien, ein barnebunad. Ein nordlandsbunad. Den er brodert av Inga Rørvik. Ho er ei av dei tre kvinnene som står bak designet. Nordlandsbunaden er den bunaden som flest gonger – uoffisielt – er blitt kåra til Noregs vakraste. No snakkar eg ikkje om den grøne, eg snakkar om den blå. Dette er viktig. Barnebunaden vår går på omgang i slekta til dei som har store nok barn til å bruke den. Då eg var seks år, var det min tur.

Mormor går for å ta ut pengar i minibanken. Eg står på Kvaltorget i Sandefjord og skin. Eg svingar med skjørtet. Eg har ikkje på meg kysa. Det er 17. mai. Og to kvinner – dei er eldgamle, i minnet mitt er dei minst hundre år – kjem bort til meg og kommenterer bunaden min. Så du har på deg nordlandsbunad, du? Ja, svarer eg, og legg ut om at den har vore i slekta alltid, og at når nokon er gamle nok, så får dei bruke den, og eg er gammal nok, for eg blir sju år om to veker, og eg spinn rundt i den og viser meg fram. Den eine kvinna gir meg eit rapp på armen med paraplyen sin. Og ho fortel at eg har ingenting i den bunaden å gjere. Det er respektlaust av meg å bruke den, eg har ingen rett, seier ho. Så eit rapp til på armen. Eg burde skamme meg over å stå og skryte så hemningslaust av noko som ikkje er mitt. Eg gnir meg på armen og stirer på henne.

Så kjem mormor bort, springande, svingande, og ho slår den eine dama med veska si, og hyttar med neven og ber dei dra til helvete, og roper at det er dei som burde skamme seg. Damene styrtar av garde, og mormor er ein superhelt, og ho er rasande og kjærleg, og ho tørkar tårene mine, og tar meg med på tivoli, og sjølv om eg kjem frå ein sukkerfri heim, kjøper ho to heile sukkerspinn til meg, og eg et begge og blir så kvalm at etter karusellen kastar eg opp. På bunaden.

Når eg fortel denne historia, er som oftast ubehaget til lyttaren så sterkt at stemninga blir spent, fram til mormor dukkar opp og reddar dagen og det kjem oppkast på bunaden. På dette symbolet som kanskje ikkje betyr så mykje likevel. Når historia er ferdig, sit vi igjen og er letta. Sjokk og vantru, men òg ein lattermild lette.

Vi ville vore mormor i denne historia, får vi lov til å tenkje. Vi er alle så takksame for mormor. For om det finst ei mormor, så får vi vere henne. Og ikkje damene. Aldri dama som slo med paraplyen. Men kva med venninna hennar? Ho som ikkje sa noko? Stilla hennar var like aktiv som paraplyen. For meg.

Men mormor kom først etterpå, etter at damene hadde gått.

Det er ein helvetes kø framfor minibanken 17. mai. Det fanst ikkje Vipps på nittitalet. Mormor kunne ikkje noko for at ho ikkje var der, like lite som at eg kunne noko for at eg stod der. Og då mormor kom, sa eg ikkje noko. Og sidan eg ikkje sa noko, kunne ho heller ikkje gjere noko. Men rappa på armen var ikkje så harde, og det tok ikkje lang tid før eg slutta å gni på dei og blei distrahert av borgartoget.

Men eg la inn mormor i historia, nesten heilt i byrjinga, då eg som tenåring begynte å fortelje om det som hadde skjedd. For utan mormor er ikkje historia til å bere. Ikkje for den som høyrer historia. Og heller ikkje for meg sjølv somme gonger.

Då er det atter ein gong berre noko som har skjedd meg. Formålet med historia blir å seie: Dette skjedde meg. Dette skjedde meg som lita, då eg ikkje hadde nokon ord. Eg hadde ikkje noko språk til å forklare det for nokon, så eg sa ingenting. Og som vaksen er eg sint. På vegner av jenta i nordlandsbunad er eg sint, og eg vil fortelje det til deg. Det er viktig for meg at du forstår kvi- for eg er sint. Men eg vil ikkje vere ho som igjen innleier samtalen med noko som har skjedd henne. Dette skjedde meg. Som igjen får alt til å handle om meg og hudfargen min. Så historia handlar om at mormor var ein superhelt. Nokre gonger for di skuld, men kanskje mest for mi eiga.

(Lundestad Joof, 2018, s. 20–22)

Å REISE MED FLY

Eg sit på Gardermoen, skal fly til Helsingfors for å halde foredrag. Dama bak skranken seier det er priority boarding, og dei som har det, kan gå først på flyet. Eg reiser meg og går bort til skannaren. Ein mann i dress tar meg på skuldra og seier: Unnskyld, men no er det dei på første klasse som får sjekke inn først.

Ja, seier eg. Og ser på han.

Å REISE MED TOG

Eg går på toget frå Stockholm til København. Eg legg bagasjen min på hattehylla. Ei kvinne lener seg fram og seier:

Unnskyld, men det er reserverte sete på toget. Eg ser på henne.

Ho seier: Dette er første klasse.

Ja, seier eg. Eg held fram med å sjå på henne.

(Lundestad Joof, 2018, s. 54–55)


Kilde

Lundestad Joof, Camara (2018). Eg snakkar om det heile tida (2.utg.). Oslo: Samlaget.



Begrenset brukSkrevet av Camara Lundestad Joof.
Sist faglig oppdatert 17.02.2020

Læringsressurser

Narrativ sakprosa