Hopp til innhold

Litterære tekster

Begynnelser (utdrag)

Hovedpersonen i denne romanen kjemper for naturen og mot andres forventninger. I dette utdraget møter vi Terje når han skal holde foredrag på en miljøkonferanse.
Urskog med mose. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Ei veke før det igjen

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag arrangerte miljøkonferanse, og eg opna foredraget med eit spørsmål til salen: – Veit de at vi har regnskog i Trøndelag? spurde eg, før eg, etter ein kunstpause der eg stod og såg ut over den heilt stille forsamlinga, gjekk vidare med å fortelje om den boreale regnskogen, eller kystgranskogen, som han også vart kalla. Eg fortalde at dette var ein naturtype som fanst berre i Nordland og Trøndelag, og at det i tillegg til fleire sjeldne og trua soppartar budde ti ulike artar regnskoglav der, artar som var påviste berre nokre få andre stader i verda: trønderflekklav, granfiltlav, kastanjelav, kystkantlav, trøndertustlav, gullprikklav, gul pærelav, oresinoberlav, trønderringlav og Szczawinskia leuco- poda.

– Alle desse artane er raudlista, sa eg. – Og enkelte av dei, for eksempel trønderflekklav, er så sjeldne og så særmerkte for dei trønderske regnskogområda at om dei forsvinn herifrå, så forsvinn dei frå verda. Dei blir borte. For alltid.

Eg tok ein ny kunstpause der eg stod og såg utover forsamlinga, og så, etter å ha snakka litt om kva som skilde sør- og nordtrøndersk boreal regnskog, gjekk eg i gang med hovuddelen; i løpet av dei siste femti åra hadde mellom 50 og 80 prosent av den trønderske kystgranskogen forsvunne, fortalde eg, og dei 67 regnskoglokalitetane vi kjente til i Sør- Trøndelag, utgjorde i dag eit samla areal på berre 8–10 km2. Større miljøbevisstheit og auka fokus på vern hadde bidratt til å dempe den negative utviklinga dei siste femten åra, men situasjonen var langt frå tilfredsstillande. Så seint som i perioden 2008–2011 vart for eksempel den siste regnskoglokaliteten i Trondheim kommune hogd ned og øydelagt for alltid, og i alle dei gjenverande regnskogkommunane i fylket – det vil seie Åfjord, Roan, Osen, Bjugn og Rissa – fanst det konkrete truslar.

Utbygging av veg, vasskraft og vindturbinar var eksempel på dette. Bilvegar var riktig nok ein mindre trussel enn før, men både vasskraftverk og vindparkar kravde vegforbindelse, og saman med alle kraftlinjene som følgde med utbygging av vass- og vindkraft, ville dette legge beslag på betydelege skogsareal, også regnskogareal – om vi ikkje følgde med. Store elgbestandar var ein annan trussel, sa eg, spesielt i Sør- Trøndelag, ettersom dei mest trua lavartane i Sør-Trøndelag voks på rogn og selje, som jo elgen som kjent beita på.

Men det var framleis skogsdrift som utgjorde den største faren. Ettersom kystgranskogen voks i næringsrik jord, var han attraktiv for hogst, og ettersom skogbruksdrift tørka ut skogbotnen – samtidig som den boreale regnskogen var spesielt avhengig av kjølig og fuktig klima – var han svært sårbar for den same hogsten. Det hadde likevel vore jamt over lettare å få gjennomslag for vern her i Sør- enn i Nord- Trøndelag, først og fremst fordi store avstandar til potensielle hogstområde og stort innslag av lauvskog gjorde kostnadene ved å spare skogen mindre her. Men samtidig var det store forskjellar mellom kommunane, og både i Roan og i den største sørtrønderske regnskogkommunen av dei alle, Åfjord, både var og hadde det vore store konfliktar mellom skogbruket og dei som ville verne.

Etter å ha snakka i rundt tre kvarter, stadig meir engasjert og heile tida mens eg brukte smartboarden til å vise tal og statistikk og ei rekke bilde av trøndersk regnskog før og etter ulike øydeleggingar, opna eg for spørsmål og kommentarar frå salen. Det nærma seg slutten av dagen, folk var slitne og klare for festmiddag, og da eg hadde svart – sikkert litt for utførleg – på to spørsmål, det eine frå rådmannen i Bjugn, det andre frå ein politikar frå Rissa, kremta avdelingsleiaren to gongar samtidig som han kasta eit talande blikk på klokka på veggen. Eg nikka og gjorde meg klar til å avslutte, men akkurat idet eg opna munnen for å seie takk for meg, var det ei kvinne som rekte opp handa. Ho presenterte seg som rådgivar for folkehelse i Malvik kommune.

– No hørest eg sikkert dum ut, sa ho og lo ein liten latter. Eg kjente eg vart glad med det same. Eg visste naturlegvis ikkje kva ho kom til å spørje om, men eg visste at ho kom til å spørje om noko mange lurte på, men ikkje torde å spørje om. Slik var det alltid når folk opna på den måten.

– Men er det så farleg, eigentleg? sa ho og trekte lett på skuldrene. – Om det lavet døyr ut, meiner eg.

Det vart heilt stille i salen. Fleire av tilhørarane såg på kvarandre og himla med auga, andre lét som om dei måtte ta seg saman for ikkje å le. Eg vart irritert, nesten sint med det same. Ikkje på henne, naturlegvis, men på dei som satt der og lét som om dette var eit spørsmål dei aldri hadde stilt seg før, eit spørsmål som hadde eit så innlysande svar at berre barn kunne stille det.

– Det er ikkje dumt i det heile tatt, det er tvert imot eit veldig godt spørsmål, sa eg. – Det at artar døyr ut, er jo ein heilt naturleg prosess, det er noko som har skjedd sidan livet oppstod, og det er noko som vil skje så lenge det er liv på planeten. Men det er to ting som er heilt spesielt med den tida vi er inne i. Det første er at artar døyr ut fleire hundre gongar fortare enn det som er naturleg. Etter at dei første landplantane dukka opp for 450 millionar år sidan, har det vore berre fem masseutryddingar på jorda. Og no er vi inne i den sjette. Den skjer mens vi sitt her og snakkar, rett utanfor vindauget her, i og rett utanfor byen vår, i Bymarka, langsmed Ladestien og i Trondheimsfjorden, folk er berre ikkje klar over det. Det andre som er spesielt, er årsaka til utryddinga. Det at det ikkje er verken supervulkanar eller meteorittar, men ein av artane sjølv, altså vi, menneskedyret, som står bak katastrofen. Og så må vi naturlegvis spørje oss kvifor gjer vi det, kvifor øydelegg vi det vi veit at vi ikkje kan leve utan? Og kva slags rett har vi til å gjere det?

Eg la hendene på skrivebordet og såg på rådgivaren frå Malvik; eg trur dei aller, aller fleste tenker slik du tenker, sa eg. Det er slik vi er opplærte til å tenke. Vi er sosialiserte inn i ein menneskesentrert kultur der andre artar blir tilkjente verdi etter kor lett vi menneske kan nyttiggjere eller identifisere oss med dei. Dyr vi har hatt eit nært forhold til gjennom tusenvis av år, som hundar og hestar, blir sett på som meir verdt enn for eksempel mus, og dyr som har store auge og derfor minner oss om små hjelpelause menneskebarn, blir sett på som meir verdt enn for eksempel fisk. Dei færraste har problem med å knekke nakken på ein aure, men å slå i hel ein søt sel er verre, for da er det liksom noko menneskeleg du tar livet av.

Alt er med andre ord underordna oss. Naturen er til for oss, og alt som finst som vi trur at vi ikkje har bruk for – slik som trønderflekklavet, for eksempel – det har vi liksom lov til å utrydde. Etter mi meining er det berre eit oppgjer med denne antroposentrismen som kan hindre den økologiske katastrofen vi har diskutert fleire gongar i løpet av dette seminaret. Vi kan snakke om den globale kapitalismen som tvingar fram maksimal utnytting og dermed utarming av naturen, vi kan snakke om den teknologiske utviklinga som muleggjer den same utarminga, og som i tillegg fjernar menneska meir og meir frå den naturen vi er så avhengige av, vi kan snakke om svakheitene ved eit styresett der politikarar må prioritere å gi veljarane billig sprit og bensin og kjøtt og Gud veit kva for å bli gjenvalde, alt dette er viktig, naturlegvis, men under alt dette ligg diskusjonen om vår plass i naturen. Først når vi erkjenner at naturen har eigenverdi, og at vi ikkje har rett til å utrydde andre artar – heller ikkje dei som ikkje liknar på oss, eller som vi trur vi ikkje har bruk for – først da kan vi hindre den katastrofen vi har diskutert opp og i mente i løpet av desse dagane, og berre slik kan vi redde oss sjølve, sa eg.

Eg skulle til å fortsette med å snakke om kva vi kunne lære av religion når det gjaldt å halde skaparverket heilagt, men eg rakk det ikkje, for plutseleg kremta avdelingsleiaren igjen, ikkje berre éin, men tre gongar og enda høgare enn sist. Eg snudde meg mot han. Han såg på meg med litt for snille auge mens han smilte slik ein gjer når ein synest synd i nokon, og med det same gjekk det opp for meg at engasjementet hadde tatt overhand, og at ordflommen min hadde likna meir og meir på ein appell. Eg skulle til å snu meg mot publikum, men eg gjorde det ikkje. Eg kjente eg var i ferd med å raudne, så eg såg ned i skrivebordet og lét som om eg var opptatt med å samle saman papira mine i staden.

– Takk for meg, sa eg, utan å sjå opp.

Da eg kom opp på rommet, la eg papira på nattbordet og slengte meg ned på senga. Eg vart liggande og sjå i taket. Eg var enno varm i ansiktet, det glødde nesten. Eg prøvde å seie til meg sjølv at det ikkje var nokon andre som brydde seg, men det var det vanskeleg å tru på. Eg gestikulerte til og med, tenkte eg, eg stod der og veiva med armane som ein jævla italienar. Eg lukka auga. Eg kneip dei igjen så hardt at det nesten gjorde vondt. Eg hadde ikkje det minste lyst til å gå ned til festmiddagen, men eg visste at eg måtte, dessutan var eg skrubbsvolten. Eg vart liggande ei lita stund til, og så dusja eg, skifta om og gjekk ned.

Festmiddagen var akkurat så frykteleg som festmiddagar brukte å vere, og etter å ha lidd meg gjennom nokre obligatoriske timar, tok eg til å gjespe, ikkje fordi eg var trøtt, naturlegvis, men fordi folk skulle tru at eg var det. Håpet var naturlegvis å få forlate selskapet utan spørsmål og kommentarar frå fulle kollegaer og andre deltakarar, men det var meg ikkje unnt, dessverre.

– Ikkje gå da, Terje, sa Astrid. – Det blir så stille rundt bordet når ikkje du er her.

Ho og Hilde og ein jurist frå Rissa brast i latter med det same. Eg såg på henne og smilte.

– Jøss, beherskar du ironi? sa eg, men det var det naturlegvis ingen som hørte, dei lo enno.

s.64-69

Kilde

Tiller, Carl Frode. (2017). Begynnelser. Oslo: H. Aschehoug & Co

Relatert innhold

Når forholdet mellom mennesker og litteraturen er hovedtema i litteraturen, kaller vi det for økolitteratur. Det er ikke en ny sjanger.

CC BY-SASkrevet av Carl Frode Tiller. Rettighetshaver: H. Aschehoug & Co
Sist faglig oppdatert 08.10.2020

Læringsressurser

Episk diktning