Hopp til innhald
Tverrfaglege tema

Er det mogleg å reise berekraftig?

Marianne og Fredrik planlegg ferie. Dei vil gjerne ha mykje tid saman. Samtidig vil dei ikkje at ferien skal vere så dyr, og dei vil gjerne at han skal vere berekraftig. Det viser seg å ikkje vere så lett. Er det i det heile tatt mogleg å reise berekraftig?

Etter å ha sett filmen

Bruk ressursen "Diskuter berekraftige reiser" for å diskutere problemstillingar frå filmen.

Kva vil du undersøkje nærmare?

I dei andre ressursane under er det mange moglegheiter for å fordjupe seg i problemstillinga: "Er det mogleg å reise berekraftig?" Nokre ressursar kan de jobbe med i kortare periodar, mens andre eignar seg til større prosjekt.

Lag eiga problemstilling

Denne casen handlar om å undersøkje om det er mogleg å reise berekraftig. De kan også lage ei eiga problemstilling som de undersøkjer nærmare.

Kanskje somme av desse påstandane kan gi dykk inspirasjon?

Den einaste berekraftige reisa er ho du ikkje fer på.

Det er nødvendig å reise for å kunne motarbeide framandfrykt.

Å reise er berekraftig fordi det gir oss moglegheita til å sjå kva vi kan miste viss vi ikkje tek vare på natur og kultur.

Finn stoff på eiga hand

Tips til korleis du kan søkje på nettet, finn du i læringsstien Søkjestrategiar.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2020