Hopp til innhald

Fagstoff

Golvbelegg

Farge- og materialval er ein viktig del av opplevinga av eit rom. Tenk estetisk og ta omsyn til bruksområde, målgruppe, miljø og pris når du skal velje golv. Her skal vi sjå nærare på eigenskapane til nokre typar golvbelegg.
Sittegruppe i ei kantine der veggen og golvbelegget er delte i rosa og grå flater. Foto.

Golvbelegg

Belegg blir brukt som golvmateriale i mange offentlege bygg, som til dømes skular, barnehagar, butikkar og helse- og treningssenter. Vi kan òg bruke belegg i private heimar. Her vil bruken av rommet avgjere kva belegg som passar best.

Det finst mange ulike typar, og du bør gjere deg kjend med kva eigenskapar golvbelegga har.

Linoleum

Linoleum er ein type belegg som har vorte brukt i fleire generasjonar. Det er laga av naturlege råvarer som linolje og harpiks, tremjøl, steinmjøl, korkmjøl, fargepigment og jute. Mange av desse bestanddelane fornyar seg sjølve raskt i naturen.

Bruksområde

Vi bruker linoleum både i private bustader og i offentlege miljø. Belegget blir lagt i tørre rom. Det er slitesterkt nok til å leggast dei fleste stader der det ikkje er for mykje smuss og søl.

Utsjånad

Linoleum kjem i mange fargar, både einsfarga og med mønster. Overflata er matt, noko som skil linoleum frå til dømes vinylen som har ei blankare overflate. Linoleum har i tillegg ei bakside av jute, eller nokre gonger glasfiberjute. Dette er mest vanleg i linoleumsfliser.

Linoleumsbelegg hadde lenge eit dårleg rykte fordi mange syntest det såg gammaldags ut. Men det var nettopp fordi det har så lang levetid og ikkje blir utslite. Det kan derfor lønne seg å velje fargar og mønster som ikkje er for påverka av trendar.

Fargevifte som viser utvalet i linoleumsbelegg. Den eine materialprøven viser jute på baksida av golvbelegget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekraftig

Belegget blir rekna som eit berekraftig golvmateriale på grunn av dei naturlege råvarene og fokus på korleis det blir produsert. Linoleumsprodukta har ofte fleire miljøsertifikat, mellom anna Svanemerket. Dette veg tungt i byggeprosessar der det er høgt fokus på berekraft.

Vinyl

Vinyl er eit mjukt plastmateriale som er slitesterkt og varer lenge. Vinylbelegg finst både som banebelegg på store rullar og som fliser i ulike storleikar. Vinylbelegg består primært av kalkstein og har polymerar som bindemiddel.

Moderne interiør med sitjegrupper på lilla vinylbelegg. Foto.

Bruksområde

Vinylgolv er fuktbestandig og eignar seg derfor i våtrom eller i andre rom med vassøl. Skøytane blir sveisa og er dermed heilt vasstette. Vinylbelegg har lenge vorte brukt som membran i våtrom. Det kan brukast både som overflate og som membran under keramiske fliser.

Belegget passar godt i rom der slitasjen er stor eller der hygienekrava er høge. Vinylbelegg eignar seg godt til kommersielle bygg og rom som til dømes butikkar der det kan vere mykje smuss og søl.

Utsjånad

Vinylbelegg kjem i eit stort utval av både fargar og mønster, alt frå einsfarga eller mønstra til trykk av stein eller tre. Det er derfor lett å finne eit belegg som kan passe til ulike interiørkonsept. Glansgraden kan variere. Mange føretrekker ei matt overflate.

Vedlikehald

Vinylgolv er enkle å halde reine og har i ei årrekke vore ein favoritt for reinhaldspersonell. Det har lite behov for pleie- og reingjeringsmiddel, og lang levetid og avgrensa kjemikalforbruk gjer at golvbelegget blir rekna for å ha låg belastning på miljøet.

Eit baderom med vinylbelegg. Foto.

Homogene og heterogene vinylbelegg

Ein skil ofte mellom homogene og heterogene vinylbelegg. Homogene belegg består av eitt sjikt, mens heterogene belegg normalt blir produserte med eit slitesjikt øvst og kan leverast med eit trinnlyddempande sjikt nedst.

Gjenvinning

Dagens vinyl er meir berekraftig enn tidlegare på grunn av auka fokus på miljøvennlege løysingar. Vinyl kan resirkulerast og blir råvare for nye vinylgolv. Dei ulike produsentane har etablert gode rutinar for å hente inn og resirkulere golvbelegg.

Gummi

Gummigolv er ganske vanleg i mange offentlege miljø på grunn av svært god slitestyrke. Dei finst i mange fargar og mønster, og dei kan òg brukast i private heimar.

Mørkt gummigolv med låge, runde knottar i ein treningshall. Illustrasjon.

Eigenskapar

Dei beste eigenskapane til gummibelegget er slitestyrke og trinnlyddemping. Med trinnlyd meiner vi lyden som blir laga når vi går på golvet. Ved å dempe trinnlyd får vi òg mindre romlyd. Belegget er godt å gå berrføtt på, og slett gummigolv utan knottar blir ofte vald til dømes i barnehagar der ungar sit og leikar på golvet. Blir golvet behandla rett, er det lett å gjere reint og å halde ved like.

Utsjånad

Gummibelegget er ofte einsfarga eller har forsiktig mønstring. Ofte kan vi kjenne det igjen på dei runde knottane, men det kjem òg som heilt slett belegg.

Bruksområde

Det er først og fremst rom med mykje trafikk og slitasje som eignar seg best for gummibelegg. Dette kan vere gang, kjøkken, buer, verkstad, treningsrom og andre rom med mykje tråkk og aktivitetar. I Noreg er gummigolv brukt mykje på sjukehus.

Belegget kjem på store rullar (banebelegg) eller som kvadratiske fliser, ofte 50 x 50 cm. For bustadrom kan fliser brukast, mens banebelegg eignar seg best i store offentlege miljø. Det blir ikkje tilrådd å bruke gummi i våtrom.

Vedlikehald

Normalt har gummibelegget små porer som må voksast før golvet blir teke i bruk. Andre variantar er ferdig behandla til bruk. Etter nokre år bør gummibelegget voksast på ny, avhengig av slitasje.

Vanlegvis kan ein reingjere gummigolv med støvsugar og tørrmopp, eller med eit pH-nøytralt vaskemiddel. Sterke stoff som klor og løysemiddel kan skade belegget. Det er òg ein fordel å unngå at vassøl blir liggande. Vatn skader ikkje sjølve gummien, men overflatebehandlinga som er påført gummi. Dermed kan ein få forandringar i fargen. Jamleg vedlikehald med polish og voks reduserer faren for dette.

Bord og benkar i tre som står på eit slett gummigolv. Foto.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunn Elin Birkenes.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2022

Læringsressursar

Materiale