Oppgave
Brukarorganisasjonar
Pasient- og brukarorganisasjonar jobbar for rettane til menneske med sjukdom og nedsett funksjonsevne. Brukarorganisasjonane har ein viktig funksjon i utforminga av tenestetilbodet innan helse og omsorg både på lokalt og nasjonalt nivå.
- Kva pasient- og brukarorganisasjonar kjenner du til?
- Lag ein presentasjon om ein brukarorganisasjon som held til i fylket ditt. Ta kontakt med organisasjonen eller bruk nettsida deira for å finne svar på desse spørsmåla:
- Kven er dette ein organisasjon for (kven kan bli medlemmer)?
- Kor mange medlemmer har dei?
- Kva jobbar dei med?
- Kva aktivitetar tilbyr dei for medlemmene sine?
- Korleis kan denne organisasjonen bidra til auka brukarmedverknad?