Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Utplassering i bedrift

Kjeldemateriale

Døme: cv

Ein cv er vanlegvis eit vedlegg til ein jobbsøknad. Cv-en fortel kven du er, kva du har lært, og kva du har gjort hittil i livet.

Curriculum vitae

Personopplysningar

Namn: Marita Karlsen
Fødd: 19. mai 2009
Adresse: Oscar Wistings vei 49, 3295 Stavern
Telefon: 90 99 99 88
E-post: maritak@tullemail.com

Utdanning

2021 Barne- og ungdomsarbeidarfag vg2, Thor Heyerdahl videregående skole, Larvik
2020 Helse- og oppvekstfag vg1, Sandefjord videregående skole

Arbeidserfaring

2021 Utplassering i regi av skulen, ein dag i veka, Trudvang barnehage, Larvik
2020 Utplassering i regi av skulen, to veker, Haukerød skole og SFO, Sandefjord
2019 Sommarjobb på Ingris isbar, Wassilioff hotell, Stavern

Annan kompetanse

Grunnkurs førstehjelp i regi av Norsk Folkehjelp
Førarkort klasse B
Gode IT-ferdigheiter

Personlege eigenskapar

Eg er ein sosial og aktiv person med godt humør, og eg er påliteleg og glad i å jobbe.

Hobbyar og interesser

Eg har spelt gitar i seks år på kulturskulen i Sandefjord, og speler òg i band. I tillegg trenar eg på helsestudio to-tre gonger i veka.

Referansar

Søren Sørensen, faglærar på barne- og ungdomsarbeidarfag, Thor Heyerdahl videregående skole (tel. 33 22 33 77)

Anne Abdul, kjøkensjef, Wassilioff hotell (tel. 33 33 33 88)

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 23.04.2026