Oppgåve
Video
Kva skal til for å vere ein profesjonell yrkesutøvar?
Når du skal ut i arbeidslivet, vil du møte forventningar. Korleis kan du vere profesjonell i yrket du har valt? Sjå filmen og svar på spørsmåla under. Bruk refleksjonane dine og diskuter temaet i mindre grupper.
Video: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
- Kva betyr det å vere profesjonell?
Er du samd i det dei ulike yrkesfagelevane svarer i filmen? - Kva krav og forventningar blir stilte i det yrkesfaget du har valt?
- Korleis synest du praksisen du har i dag fungerer med tanke på dei forventningane du vil møte i arbeidslivet?
- Kva strategiar kan du bruke for å møte og meistre forventningar frå kundar og andre?
Relatert innhald
Profesjonell yrkesutøvar
For å vere ein profesjonell fagarbeidar må du ha den kompetansen som er nødvendig.