Skriv eit portrettintervju - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Skriv eit portrettintervju

Introduksjon

CC BY-SA 4.0

I arbeidet med læringsstien

  • gir du klassen moglegheit til å bli betre kjent med ein klassekompis
  • får du erfaring med å snakke med og sjølv vere ei munnleg kjelde
  • formidlar du inntrykk av og informasjon om ein person gjennom tekst, bilete, lyd og / eller video
  • tek du omsyn til kjelda sin rett til sitatsjekk

Læringsstien er tverrfagleg for faga norsk og medieuttrykk eller norsk og IKT og medieproduksjon. Den kan køyrast i eitt fag eller som eit samarbeid mellom fag.