Planlegg ein læringssti - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegg ein læringssti

Introduksjon

Føremålet med ein læringssti er å organisere læringsprosessen innan eit emne på ein strukturert og oversynleg måte som gir god læring.

Ein læringssti vekkjer eleven sine forkunnskapar og tek eleven med gjennom ulike læringsaktivitetar. Konkrete læringsmål fortel kva eleven skal kjenne til, kunne utføre og forstå når læringsøkta er gjennomført.

 

Når du er ferdig med denne læringsstien, skal du

  • forstå grunntanken i den pedagogiske oppbygginga av ein læringssti som blir publisert på NDLA
  • vite at baklengs planlegging dreier seg om å skape tett samanheng mellom læringsmål, læringsaktivitetar og evaluering av læring
  • kunne planleggje innhald og progresjon i ein eigen læringssti