Krypteringslek - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Krypteringslek

Denne oppgåva lèt elevane få prøve seg på kryptering av data på ein grunnleggjande og enkel måte. Ho utfordrar elevane til å lage, tyde og knekkje enkle kodar/krypteringar ved hjelp av ulike metodar.

Start med å dele klassen inn i til dømes fem grupper. Kvar gruppe skal kryptere ein sjølvvald tekst, krypteringa skal gjerast med ein sjølvlaga kodenøkkel. Kvar gruppe skal ha ei vennegruppe. Denne vennegruppa skal få den krypterte koden og nøkkelen. Kvar gruppe har også ei fiendegruppe som skal prøve å knuse koden, men berre ved å bruke den krypterte koden.

Gruppe * har

Vennegruppe

Fiendegruppe

1

2

3

2

3

4

3

4

5

4

5

1

5

1

2

Leiken går i to fasar. Først skal alle gruppene setje seg ned og lage sin koda tekst. Dette gjer dei på dei tre arka som ligg ved. Legg merke til at arka til læraren, fiendegruppa og vennegruppa inneheld ulik informasjon (alle skal ha den same koda teksten).

Når alle gruppene er ferdige med å lage kodane, leverer dei dei tre arka sine til læraren, som ser over at alt er rett.

  • Læraren tek sjølv det fullstendige arket (med både råtekst, kryptert tekst og kodenøkkel).
  • Læraren gir vennegruppa arket med koden og kodenøkkel frå gruppa.
  • Læraren gir fiendegruppa arket som berre har koden.

Når alle gruppene har fått koden og nøkkelen frå vennegruppa, og koden frå fiendegruppa, skal dei gå i gang med å prøve å løyse kodane.

Når gruppene er ferdige, skal alle elevane samlast, og ein går gjennom kvar enkelt gruppe og ser på om dei har klart å løyse begge kodane.

Om ønskjeleg kan ein gi poeng under oppsummeringa. Kvar gruppe kan til dømes få

  • 2 poeng for å ha løyst koden til vennegruppa
  • 2 poeng for å ha løyst koden til fiendegruppa
  • 2 poeng dersom vennegruppa løyser koden
  • 2 poeng dersom fiendegruppa ikkje klarte å knuse koden deira

Du kan bruke følgjande dokumenter for å gjennomføre denne aktiviteten:

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018