Gruppeoppgåve om utpressing på nett - Verktøykassa – for lærarar - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Gruppeoppgåve om utpressing på nett

Diskuter i mindre grupper og svar på spørsmåla under. Svara skal vere generelle og bør ikkje vere av personleg karakter.
  1. Lag ei liste over ulik informasjon (sann eller usann) som de meiner kunne vorte brukt til utpressing av ein vanleg ungdom på 15–20 år.
  2. Har kjønn noko å seie for kva slags informasjon som kan brukast til utpressing? Grunngi svaret.
  3. Kva type informasjon meiner de kan vere mest effektiv for utpressing og kvifor?
  4. Trur de ungdom er spesielt utsette for utpressing? Kvifor/kvifor ikkje?
  5. Kva trur de ein utpressar kan krevje av offeret sitt?
  6. Kva kan skje viss offeret ikkje gir utpressaren det han/ho ønskjer? Kva kan skje viss offeret lèt seg presse?
  7. Utpressing skjer i stor grad på internett. Kvifor trur de at det er slik?
  8. Kvifor bør ein snakke med nokon ein stoler på viss ein blir utsett for utpressing?

Relatert innhald

Fagstoff
Utpressing på internett

Upressing på internett er utbreidd og kan vere belastande for dei som blir utsette for det. Kva skal ein gjere om ein blir pressa på nett?

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020