Oppgave
Refleksjonsnotat funksjonsmangfald
Funksjonsmangfald er ein viktig del av det norske samfunnet. Reflekter over ulike sider ved funksjonsnedsettingar og funksjonsmangfald.
Skriv eit refleksjonsnotat der du reflekterer over ein eller fleire sider ved funksjonsnedsettingar og funksjonsmangfald. Du kan til dømes ta utgangspunkt i eitt eller fleire av følgjande spørsmål:
Kva normer og haldningar har vi til personar med funksjonsnedsettingar?
Korleis kan normer, haldningar og forventningar til dei av oss som har ei funksjonsnedsetting, bidra til inkludering og ekskludering?
Korleis kan måten vi snakkar på, og kva ord vi bruker om funksjonsnedsettingar, bidra til inkludering og ekskludering?
Kvifor er det store funksjons- og kroppsmangfaldet vi har i Noreg ofte usynleg i media?
Kva kan vi gjere for at funksjonsmangfaldet i samfunnet skal bli meir synleg?