Oppgåve
Video
Korleis forklare mangfald?
Mangfald kan handle om mykje forskjellig. Klarer du å gi ei forklaring på kva mangfald er?
Sjå videoen (lengde 2:31) og svar på spørsmåla under.
Kva trur du er formålet med denne videoen?
Tenk deg at du skal forklare mangfald til nokon som ikkje kjenner omgrepet frå før. Kva ville du sagt?
Mangfald kan handle om til dømes kjønn, etnisitet og religion. Kor mange andre sider ved mangfald kan du komme på? Skriv ei liste og sjå kor mange du klarer på eitt minutt. Du kan gjerne samanlikne med ein medelev etterpå.