Kven påverkar sjølvtilliten din? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kven påverkar sjølvtilliten din?

Vi utviklar identiteten vår i møte med andre, men det er lett å argumentere for at sjølvtilliten vår også blir påverka gjennom sosialisering på forskjellige arenaer.

Sosialisering er ein prosess der vi utviklar oss sjølv i møte med andre. Sosialisering går føre seg både heime, på skulen, med vener, i fritida og gjennom medium. I møter med andre utviklar vi identiteten vår, og dei vi møter er det vi kallar normsendarar. I møter med andre vil du også oppleve sanksjonar, anten retta mot deg eller andre. Positive sanksjonar kan vere eit anerkjennande blikk, smil eller skrøyt, mens negative sanksjonar kan vere blikking, å bli ledd av eller negative kommentarar.

Oppgåve

  1. Korleis blir sjølvtilliten din påverka på ein positiv og negativ måte av dei rundt deg?
  2. Korleis kan oppførselen din påverke sjølvtilliten til andre?
  3. Nemn nokre døme på positive og negative sanksjonar du har fått frå andre elevar.
  4. Kva for typar sanksjonar trur du er viktigast for å gi klassekameratar god sjølvtillit, og kva for typar sanksjonar er mest øydeleggjande?
Skrive av Inga Berntsen Rudi, Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2019