Oppgave
Bli betre kjent med FNs berekraftsmål
FNs berekraftsmål er først og fremst eit hjelpemiddel for dei som styrer, både lokalt og nasjonalt, til å ta avgjerder som kan gi ei berekraftig utvikling. Utforsk måla og sjå om du finn mål som har direkte betydning for deg i det daglege.
FNs bærekraftmål – hovedmål og delmål
- Kva for mål handlar mest om
- miljø?
- sosiale forhold?
- økonomi?
- Ta utgangspunkt i dei faga du har i år.
- Finn eksempel på berekraftsmål som kan knytast til dei ulike faga.
- Er det nokre fag som ikkje kan knytast til eitt eller fleire berekraftsmål? Kommenter.
- Kva for mål trur du er vanskelegast å nå? Kvifor trur du det?