Oppgåver til «The Imitation Game» - Teknologiforståing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåver til «The Imitation Game»

Desse oppgåvene tek utgangspunkt i filmen «The Imitation Game» og arbeidet som Alan Turing gjorde for å utvikle den moderne datamaskinen.
  1. Det blir sagt at knekkinga av Enigma-koden forkorta andre verdskrig. Kor mykje tid og kor mange liv kan det ha spart?
  2. Filmatiseringar fortel ofte ein annleis og overdriven versjon av verkelegheita. Søk på internett og prøv å finne ut kva delar av The Imitation Game som er pålitelege og sanne, og kva som er oppdikta. Skriv litt om kva du finn ut.
  3. Alan Turing er òg kjend for Turing-testen. Kva blir denne brukt til?
  4. Alan Turing blir rekna som ein av fedrane til den moderne datamaskinen. Men det var mange personar som spelte viktige roller i utviklinga som leidde fram mot dagens datamaskinar. Søk på internett og finn ut litt om nokre av dei andre.

Relatert innhald

Fagstoff
The Imitation Game

«The Imitation Game» fortel om Alan Turing og utviklinga av dei første datamaskinane og knusinga av Enigma-koden til nazistane under andre verdskrig.

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 08.07.2020