Oppgave
Oppgåver om fysisk og logisk sikkerheit
I desse oppgåvene skal du setje deg nærare inn i fysisk og logisk sikkerheit.
- Kva sikkerheitstiltak er det du bruker og opplever oftast i din kvardag?
- Lag ei liste over sikkerheitstiltak som kan innførast i ei bedrift. Sorter dei i kategoriane fysisk og logisk sikkerheit.
- Ta lista frå oppgåve 2, og vurder følgjande kriterium for kvart moglege tiltak: kva kostnaden er, kor effektivt tiltaket er, og kor plagsamt eller påtrengjande tiltaket vil vere for dei tilsette.
- Menneske blir ofte rekna som det svakaste leddet innan sikkerheit. Gå gjennom tiltakslista di frå oppgåve 3, og forsøk å finne metodar uvedkomande kan bruke for å omgå sikkerheitstiltaket.
- Har du nokon gong klart å låse deg sjølv inne nokon stad? Viss ja: Kva var det som gjorde det mogleg?
- Dei fleste dørlåsar er laga slik at du treng nøkkel for å kome deg inn. Men viss du først er inne, treng du som oftast ikkje nøkkel for å kome deg ut. Kvifor er det slik?
Relatert innhald
Fagstoff
Fysisk og logisk sikkerheitFysisk sikkerheit handlar om alle fysiske tiltak og truslar, og logisk sikkerheit omfattar det som skjer inne i datasystema.