Montering og demontering av maskinelement
Bruk av mikrometer
Mikrometeret er eit viktig verktøy når du skal demontere og montere maskinelement. For å få rett samanføying er det viktig at måla på maskinelementa er korrekte.
Film om bruk av mikrometer (1:04)
Simmerring (tetningsring)
Maskinelement som skal bevege seg, har som oftast smørjing. For at smørjinga skal halde seg i rett område i maskina, må dei bevegelege delane forseglast med ei tetning. Simmerring er ein slik tetningsmetode.
Film om å montere og demontere simmerring (2:05)
Segerring
Nokre maskinelement kan festast med ein enkel låsering. Det finst ulike typar låseringar, og segerring er ein av desse. For å montere og demontere ein segerring treng du spesialtenger.
Film om å montere segerring (1:17)
Flenslager
Maskinelement som roterer, treng eit lager for å redusere friksjon. Eit flenslager er ei komplett lagereining vi kan skru på maskinelementet.
Film om å montere og demontere flenslager (1:48)
Spennhylse (røyrsplint)
Maskinelement som er bundne saman på såkalla splines eller spor, kan enkelt festast med ei spennhylse, òg kalla røyrsplint. Her er det spora på maskinelementa som overfører kreftene, og oppgåva til spennhylsa er berre å sørge for at maskinelementa ikkje skal gli frå kvarandre.
Film om å montere og demontere spennhylse (2:09)
Utvendig lager (lager på aksling) og innvendig lager (lager i hylse)
Det er viktig å tenke på at eit slikt lager både er eit utvendig og eit innvendig lager, men at demontering og montering er ulikt avhengig av om vi skal trekke lageret av ein aksling eller ut av ei hylse.