Oppdeling av form - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Oppdeling av form

Alle former kan delast opp i mindre delar. Ved å forskyve delane i forhold til kvarandre kan du skape nye formuttrykk. Eksperimenter med å variere retning, avstand og posisjon. Vi skal sjå på korleis vi kan bruke forskyving i utvikling av logo- og produktdesign.
Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Ei form som er delt opp i mindre delar som blir forskyvde i forhold til kvarandre, blir kalla divisjonsform eller dividert form. Formene som oppstår i mellomromma, er like viktige som den positive forma.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 23.09.2021