Lag fargepalettar og beskriv fargane med fagomgrep - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag fargepalettar og beskriv fargane med fagomgrep

Bruk fargar frå eit fotografi til å lage ein fargepalett. Beskriv fargane ved hjelp av fagomgrep.
  1. Hent ut fargar frå eit fotografi og lag ein fargepalett. Du kan til dømes bruke Adobe Color eller Coolors som verktøy. (Vel "trekk ut frå eit biletee" eller fotografi-ikonet).
  2. Beskriv fargane du har valt ut frå
  • kulør
  • metting
  • valør
  • med RGB-verdiar
  • CMYK-verdiar


Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2019