Hald ein tale ved skulestart - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Hald ein tale ved skulestart

I samband med oppstart av skuleåret blir du beden om å halde ein kort appell for nye elevar på skulen din. Talen skal vare i maksimum fem minutt. Du vel sjølv tema.

Oppgåve

  1. Form ut manus til talen din i tråd med det du har lært om retorikk.
  2. Framfør talen for klassen.
  3. Be medelevar om munnleg tilbakemelding på talen din. Tilbakemeldinga skal ta utgangspunkt i det klassen har lært om retorikk. Hugs å bruke dei fagomgrepa de har lært.
Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2017