Analyser ein kronikk
Del 1: Før du les
Tenk først for deg sjølv. Diskuter så med ein medelev:
Kva knyter du til omgrepet "polarisering"?
Kva knyter du til omgrepet "ekkokammer"?
Del 2: Les og diskuter
Les gjennom kronikken "Hei, jeg heter Karen, og jeg er polarisert".
Kva vil forfattaren med denne teksten, trur du? Skriv ned stikkord.
Er det delar av teksten du ikkje forstår? Marker i teksten eller skriv ned.
Diskuter stikkorda med ein medelev og formuler tema og formål saman:
Temaet i teksten er ...
Formålet med teksten er ...
Kven trur de forfattaren vil nå med teksten sin? Kven er tenkt mottakar?
Del 3: Sjå ein kort film om retorikk
I animasjonen Kunsten å overbevise (lengde 6:55) blir appellformene etos, logos og patos forklart.
Del 4: Finles teksten
No skal du lese kronikken ekstra nøye for å finne ut kva avsendaren gjer for å påverke mottakaren. Marker gjerne med ulike fargar i teksten når du finn døme på dei ulike appellformene.
Kva gjer Landmark for at du skal tru på henne og oppleve henne som eit godt og velvillig menneske (etos)?
Når speler ho på fornufta (logos)?
Når speler ho på kjensler (patos)?
Vel deg ut to sitat frå kronikken som bevis på korleis ho bruker appellformene.
Del 5: Skriv analysen
Skriv ein retorisk analyse av kronikken. Gode råd og døme på korleis du gjer det, finn du i artikkelen "Korleis skrive retorisk analyse?".
Relatert innhald
Ein kronikk om polarisering, og kva du sjølv kan gjere for å motverke polarisering.