Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge - Utforsk sagaen i fellesskap. - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge

Utforsk sagaen i fellesskap.

CC BY-SA 4.0

Les Sagaen om Gunnlaug Ormstunge saman med dei andre i klassa. Dialog og diskusjon er viktig for å auke eiga forståing.

Oppgåve

Utforsk Gunnlaug Ormstunge i fellesskap

No skal de lese Sagaen om Gunnlaug Ormstunge på utforskande vis. Det vil seie at de skal stoppe opp i lesinga, reflektere og diskutere undervegs. Slik aktiv lesing vil definitivt auke forståinga dykkar av teksten, ikkje minst fordi de skal lese kollektivt i klassen.

.

Før du gjer denne oppgåva, bør du ha lese dei to første kapitla i sagaen og laga deg ein hypotese slik du kan lese om i ressursen "Førlesing og hypotesar om Gunnlaug Ormstunge".

Relatert innhald

Oppgåve 1. Les og diskuter sagaen

Kapittel 3–4: Menneskesynet til vikingane

Les dei to kapitla og diskuter i plenum:

  1. Var det nokon delar av desse to kapitla de reagerte på? Kvifor (ikkje)?

  2. Kva fortel desse to kapitla om menneskesynet til vikingane?

Kapittel 5–6: Gunnlaug blir introdusert

Etter å ha lese kapitla skal de

  1. skrive ned tre trekk som de synest karakteriserer Gunnlaug

  2. skrive alle orda dykkar på tavla og la dei bli ståande medan de les vidare. Kjem de på nye ord i den vidare lesinga, bør de skrive dei ned.

Kapittel 7–9: Gunnlaug fer fram


Diskuter:

  1. Korleis blir Gunnlaug oppfatta av menneske han møter på sin veg?

  2. Korleis kjem Gunnlaugs eigenskapar til syne gjennom replikkane hans?

  3. Forstår de kva som er vilkåra Gunnlaug må godta for å få Helga?

Lesepause: Vi gjer opp status og reviderer hypotesen

No har vi møtt dei viktigaste personane i sagaen. Vend tilbake til tolkinga dykkar av draumen og hypotesen de laga:

  1. Vil de endre tolkinga dykkar etter å ha blitt introdusert for personane? Korleis – i så fall?

  2. Kva personar trur de dei ulike fuglane i draumen skal symbolisere, og korleis trur de det går med personane?

Viss du vil lage ein ny hypotese, lever han inn til læraren og merk han med "hypotese 2".



Kapittel 10–14: Gunnlaug besøkjer store menn

Diskuter:

  1. I denne delen av teksten blir det fortald om Gunnlaugs reiser og besøk hos mektige menn. Kvifor trur de forteljaren bruker mykje plass på dette?

  2. Kapittel 14 handlar om møtet mellom Ravn og Gunnlaug. Det oppstår ein konflikt mellom dei. Fortel att kva han går ut på. Det er sentralt at du bruker orda "drope" og "flokk" for å forstå konflikten.

  3. Vi kjem til å høyre meir om Ravn. Kva trur de han kjem til å gjere etter å ha blitt audmjuka av Gunnlaug?

Kapittel 15–16: Kampen om Helga

Diskuter:

  1. Kvifor trur de Ravn ber om å få gifte seg med Helga?

  2. Korleis kjem Gunnlaugs kjensler for Helga fram i kapitla?

  3. Kva trur de Gunnlaug kjem til å gjere om Ravn får gifte seg med Helga i staden for han?

Kapittel 17–18: Helgas opprør

  1. Kvinnene har førebels spelt ei passiv rolle i sagaene, men i desse kapitla kjem Helgas kjensler til syne. Korleis?

  2. Helga har hatt liten påverknad på eige liv, men i ein liten del av teksten ser vi at ho kan påverke ekteskapet sitt. Korleis?

  3. Ravn fortel om ein draum i eit kvad til Helga. Kva trur de draumen skal bety?

Kapittel 19–22: Første holmgang

  1. Kva fortel desse kapitla om korleis vikingar på Island og i Noreg løyste interne konfliktar?

  2. Lag eit kort skodespel der de framfører holmgangen mellom Gunnlaug og Ravn for kvarandre.

Kapittel 23: Holmgangen på Dinganes

  1. Framfør kapittel 23 som eit skodespel for kvarandre.

  2. Diskuter kva rolle omgrepa ære, skam, svik og ettermæle speler i dette kapittelet.

Kapittel 24–26: Blodhemn og ettermæle

  1. Korleis viser desse kapitla at islendingar løyste konfliktar mellom ættene?

  2. Kva synest de det siste kapittelet seier om stillinga for kvinnene på Island på 1000-talet?

Oppgåve 2. Stemde hypotesen?

Ta fram igjen hypotesen de laga etter å ha lese Torsteins draum i kapittel 2. Har nokon klart å lage ein hypotese som stemmer?

Oppgåve 3. Skriv om det du har lese

Skriv i 20 minutt om spørsmåla under. Målet er å skrive fritt og mykje. Du treng ikkje tenkje over setningsoppbygging, staving og så vidare.

  1. Korleis var det å lese ein tekst som er så gammal? Var det noko ved teksten du blei ekstra interessert i?

  2. Beskriv det vikingsamfunnet du nettopp har lese om. Du vel sjølv kva du vil leggje vekt på.

  3. Kva er dei viktigaste forskjellane du har lagt merke til ved menneske og samfunn på 1000-talet og i dag?

  4. Er det nokon likskapar mellom oss på 2000-talet og mellomaldermennesket?

Oppgåve 4. Diskuter inntrykka dykkar

Diskuter svara dykkar på dei fire spørsmåla over i grupper.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021