Å tolke retoriske tekstar - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Å tolke retoriske tekstar

I vg2 bør du tolke sakprosa ved å utforske den retoriske situasjonen og avsendar sin etos. Korleis kan du gå fram for å gjere det?

Oppgåve 1. Kva er retorisk situasjon?

Før de kan gjere neste oppgåve, bør de vere sikre på at de forstår kva innleiande, avleia, endeleg etos og retorisk situasjon er.

Relatert innhald

Fagstoff
Den retoriske situasjonen

Den retoriske situasjonen er heilt avgjerande for innhaldet i den retoriske teksten og korleis han blir motteken. Kva består den retoriske situasjonen av?

Fagstoff
Å vurdere truverd

Kva det er som gir eller tar frå ein person truverd i ei sak? (I retorikken kalla etos).

I grupper:

  1. Diskuter omgrepa og forklar dei med eigne ord til kvarandre.

  2. Skriv ned eventuelle spørsmål om de synest det er vanskeleg å forstå sider ved omgrepa.

I plenum:

Still spørsmåla de har skrive ned til resten av klassen og sjå om nokon kan gi dykk gode svar.

Oppgåve 2. Den retoriske situasjonen i praksis

Korleis kan du bruke teorien om etos og den retoriske situasjonen i praksis? Prøv deg på den unnskyldninga som blei mest kjend i året 2020. Ho blei publisert av skistjerna Petter Northug etter han blei teken for å køyre for fort 14. august 2020. Unnskyldninga publiserte han på Instagram-kontoen sin:

Jeg har gjort en stor feil. I går kveld ble jeg stoppet av politiet i fartskontroll. Jeg kjørte altfor fort og ble også tatt med på legevakten til blodprøve. I tillegg fant politiet en mindre mengde narkotika hjemme hos meg. Det dreier seg om kokain. Jeg er fortvilet og redd for hva fremtiden vil bringe og utrolig lei meg for alle de som jeg nå har skuffet, igjen. Jeg vet at det nå blir en straffesak. Da skal jeg ta ansvar for det jeg har gjort.


Petter Northug på Instagramprofilen sin 14. august, 2020

Jobb i grupper:

Skriv ned alle moment som de meiner er relevante for å forstå den retoriske situasjonen til teksten. Då bør de diskutere:

  1. Kva er det påtrengjande problemet?

    • Kva for eit problem prøver Northug å løyse med instagram-innlegget?

  2. Kven er det retoriske publikummet?

    • Kven prøver Northug å appellere til med unnskyldninga si?

    • Kan det vere fleire målgrupper?

  3. Kva er dei tvingande omstenda?

    • Korleis vil de bedømme Northugs innleiande etos?

    • Kvifor vel Northug å publisere innlegget på Instagram?

    • Korleis regulerer Northugs posisjon og fortid kva han kan seie og ikkje seie i innlegget?

  4. Blir Northugs avleia etos svekt eller styrkt av innlegget? Grunngi svaret.

  5. Korleis vil de vurdere Northugs endelege etos? Grunngi svaret.

Oppgåve 3. Les modellteksten og diskuter

Les den vedlagde modellteksten – ein analyse av Petter Northugs instagram-innlegg. Strek under alle moment som handlar om den retoriske situasjonen, innleiande, avleia og endeleg etos.

  1. Samanlikn det de la vekt på i diskusjonen om Northugs tekst med modellteksten.

  2. Diskuter omgrepa ein gong til: Forstår de dei, eller er det behov for nærare avklaringar?

  3. Ta opp eventuelle nye spørsmål om omgrepa i plenum i klassen.

Oppgåve 4. Finn eigen retorisk tekst

Finn ein nyleg retorisk tekst som de kan tolke i grupper. Det kan vere ein aktuell debatt, ein kronikk eller eit innlegg på sosiale medium. Diskuter eller skriv om denne, med særleg tanke på

  1. den retoriske situasjonen

  2. avsendars innleiande, avleia og endeleg etos

Skrive av Åsa Abusland og Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021