Sjekk om bilete er KI-genererte

Bilete som bevis

Vi har gjerne stolt på at bilete viser sanninga. Bilete har blitt brukte i rettssaker, i aviser og for å dokumentere krig og terror. Ordtaket "Bilete lyg ikkje" har vore flittig brukt, sjølv om det alltid har vore mogleg å manipulere bilete.
Men no har teknologien gjort det endå vanskelegare for oss. Han let oss plassere personar på stader dei aldri har vore, saman med personar dei aldri har møtt. Resultatet kan sjå heilt ekte ut. Slike bilete kan manipulere kjenslene våre og skape mistillit. Kva gjer vi når vi aldri veit heilt sikkert kva som er sant? Vi må sjekke bilete minst like kritisk som vi sjekkar andre kjelder (AI og biletgenerering, 2026).
Tenk over
Korleis kan KI-bilete lure oss?
Finst det situasjonar der det er bra å bruke KI-bilete? Gi døme.
Korleis pleier du å sjekke om eit bilete er ekte?
Sjekk kva du faktisk ser
For å avsløre om bilete er KI-genererte, må vi lære oss å sjå etter spesielle teikn. Begge bileta under er laga med kunstig intelligens, men det eine er eldre enn det andre. Ser du forskjellen? Kva for eit er eldst, trur du?
Legg merke til detaljar og stemning
Biletet av fotballspelarane er eldst. Det blei laga i 2024. Biletet har mange feil som er enkle å oppdage. Gutane svevar over bakken, og eit av beina har ein merkeleg vinkel. Om du ser nøye på ansikta, ser du at detaljar manglar, og uttrykka verkar forvridde. KI-generatorar slit ofte med anatomi. Sjølv om teknologien blir betre, bør du alltid studere detaljar som
rare fingrar og hender
uleseleg tekst på skilt
briller som sit feil
mønstre og linjer som ikkje heng saman
skuggar som ikkje stemmer med lysretninga
Ser vi på biletet av paret som driv med hagearbeid, er det nesten umogleg å finne feil. Det er laga i 2026, og det viser kor raskt utviklinga går. Er det likevel noko som ikkje stemmer heilt? Verkar graset for grønt? Er blomstrane for gule? Er det ikkje litt mange kondensstriper på himmelen? Ofte ser KI-genererte bilete for "glatte" ut. Også her kan du sjå at detaljar som hender, klede og skuggar ikkje er heilt realistiske om du går tett innpå.
Korleis vil KI-genererte bilete sjå ut om fem år? Vil det i det heile vere mogleg å oppdage om dei er ekte fotografi eller KI-genererte ved ein visuell sjekk som beskriven over? Antakeleg må vi gripe til andre metodar.
Sjekk andre kjelder
Ser du bilete som hevdar at noko dramatisk har skjedd, som eit angrep på eit skip, at eit fly er skote ned, eller at ein politikar har vore ein stad hen ikkje burde, bør du bruke andre kjelder som bekreftar eller avkreftar at det er sant.
Du må leike litt detektiv. Til dømes finst det nettsider som sporar fly og skip i sanntid, og politikarar har gjerne offentlege kalendrar. Dette hjelper deg med å vurdere om biletet faktisk stemmer med verkelegheita.

Bruk omvendt biletsøk
Du kan laste opp bilete i ein søkemotor. Då ser du om biletet har vore brukt før, og du kan kanskje finne opphavet til det.
Er det eit gammalt nyheitsbilete som er henta ut av samanheng?
Finst biletet berre i sosiale medium? Då er det mest sannsynleg KI-generert.
Ligg biletet i ein database for KI-genererte bilete?
Dette er ein av dei mest effektive metodane for å avsløre juks.
Sjå etter tekniske spor
Nokre tenester merkar KI-bilete automatisk. Det kan vere symbol eller tekst nedst i hjørnet. Du kan òg sjekke om publiseringsstaden opplyser at biletet er KI-generert.
Nokre bilete har digitale vassmerke eller informasjon i filnamnet (metadata). Du treng ofte eigne verktøy for å finne dette, men hugs at heller ikkje desse verktøya er 100 % sikre. Dei kan oversjå teikn på manipulering (Lynghammar & Garmann Lønrusten, 2026).
Relatert innhald
Generer og vurder leietekstar og bilete med kunstig intelligens.

