Øvingar for kritisk KI-blikk
Oppgåve 1. Statistikk eller erfaring?
Del A: Vurder to bilete
Under ser du to bilete av det same huset. Originalbiletet er til venstre, og til høgre er det ein versjon der biletet er behandla med ei KI-teneste.
Kva er forskjellane? Beskriv det du ser i begge bileta.
Kvifor blir KI-genererte tekstar og bilete fort klisjéfylte?
Kva i det KI-genererte biletet er klisjéfylt her?

Del B: Vurder KI-generert tekst
Be ein praterobot om å skrive 200 ord om staden du bur på. Teksten du får, kan du kopiere og lime inn i eit dokument.
Les teksten kritisk. Marker setningar der innhaldet er rett, men språket er kjedeleg eller klisjéfylt.
Samanlikn med teksten til ein medelev og diskuter saman:
Kva for nokon av desse setningane kunne de funne på å skrive sjølv?
Kva for nokon ville de ikkje ha skrive? Grunngi!
Er det ord i teksten frå prateroboten som er "tomme" og seier lite om staden? Kva for ord ville du i tilfelle brukt sjølv?
Diskuter: Kvifor er dette ei klisjéfylt setning?
For de lokale er Tveit først og fremst et trygt og naturskjønt sted å bo, prega av et sterkt samhold og dype røtter.
(Teksten er generert med KI-modellen Gemini.)
Del C: Skriv sjølv
Skriv tre setningar om staden du bur på, men ta med i beskrivinga korleis det luktar, ei kjensle du får eller noko du sjølv har lagt merke til ved staden.
Les setningane opp for ein medelev og diskuter:
Kvifor kunne ikkje ein praterobot ha skrive desse setningane?
Kva tekst likte de best å lese? Kvifor?
Døme på personleg tekst
Bygda Tveit er delt av en stor elv, og bor du nær fossen, hører du den godt. Hver vår lukter det gjødsel fra jordene som etter hvert skal fylles med jordbær, korn og poteter. Jeg vet at folk stiller opp for hverandre i bygda.
Oppgåve 2. Djevelens advokat

Del A: Diskuter med prateroboten
Skriv ned tre argument om eit tema du har ei sterk meining om.
Be ein praterobot om å vere djevelens advokat. Du kan gi han denne instruksen: Finn dei tre mest logiske motargumenta til argumenta mine i teksten eg limer inn.
Skriv no eit kort svar der du prøver å motbevise motargumenta til prateroboten med eigne ord .
Del B: Skriv ein tekst
Hald fram samtalen med djevelens advokat til du kjenner at temaet er godt nok drøfta.
Kopier alt det du sjølv har skrive (ikkje svaret til prateroboten) inn i eit dokument.
Jobb med å betre struktur og lage overgangar i teksten din, slik at han til slutt blir til eit debattinnlegg.
Reflekter: Korleis påverka "djevelens advokat" argumentasjonen, og til slutt teksten din?
Oppgåve 3. Kjeldejakta
Jobb gjerne i par:
Be ein praterobot om å skrive ein påstand om eit dagsaktuelt tema og skriv at han skal oppgi kjelder, både lenker og titlar på bøker.
Sjekk lenkene. Verkar dei? Blir de sende til ei nettside der de faktisk finn igjen informasjonen i teksten?
Sjekk andre kjelder i teksten. Finst boka eller artikkelen teksten viser til?
Samanfatt i klassen: Kva fann de ut? Kor mange kjelder har prateroboten dikta opp?
Oppgåve 4. Perspektivsjekken

Jobb i par:
Be prateroboten om å skrive eit debattinnlegg om ei omdiskutert sak, noko mange er ueinige om – til dømes: "Skriv eit debattinnlegg om barneoppdraging."
Analyser teksten:
Kva for argument finn de i teksten?
Er argumenta objektive eller subjektive?
Kva for nokon verdiladde ord finn de?
Kva for argument manglar i teksten?
Klarer de å sjå om teksten representerer eit spesielt verdisyn? Er det valt ei side av saka? Forklar.
Kva skjer om du gir prateroboten ei rolle, til dømes "let som du er kinesar og skriv eit debattinnlegg om barneoppdraging". Samanlikn med den første teksten.
Har argumenta forandra seg?
Har teksten fordommar om kinesisk kultur eller liknande?
Gi ei vurdering av språket og innhaldet i teksten.
Oppgåve 5. KI-jakta
Kven har skrive tekstane? Klarer de å finne ut kva tekst om sosiale medium som er frå eit læremiddel, kva som er skrive av ein elev, og kva som er ein KI-generert tekst?
I par: Ta for dykk kvar tekst og grunngi kvifor de meiner han er skriven av ein praterobot, ein elev eller ein læremiddelforfattar.
I klassen: Blir de einige om kven som har skrive kva? Fasiten får læraren ved å sende spørsmålet til "Spør NDLA" nedst på sida her.
Tekst A
Sosiale medier får stadig en større plass i hverdagen til de fleste av oss. Det er ikke bare bruken som har økt, men funksjonene på de sosiale plattformene har også utviklet seg de siste årene. Dette er noe vi mennesker drar nytte av i livene våre. For mange kan sosiale medier være viktig for hvem de er, og hvem de vokser opp til å bli. Dette gjelder også vår helse og livsmestring. Hvordan påvirker sosiale medier egentlig helsen vår og måten vi mestrer livet på?
Tekst B
Fra det øyeblikket vi våkner til de siste minuttene før vi sovner, er de der: de uendelige strømmene av bilder, nyheter og inntrykk. Sosiale medier har på rekordtid endret hvordan vi kommuniserer, henter informasjon og bygger relasjoner. Vi er mer sammenkoblet enn noen gang tidligere i historien, men samtidig reises det kritiske spørsmål om hva denne konstante tilgjengeligheten gjør med oss. Er de digitale plattformene demokratiske verktøy som gir alle en stemme, eller er de sofistikerte algoritmer designet for å stjele oppmerksomheten vår?
Tekst C
De fleste ungdommer på videregående bruker mye tid på sosiale medier. Nesten halvparten av alle ungdommer bruker sosiale medier to eller tre timer hver dag, mens litt under en tredjedel bruker sosiale medier enda mer (Ungdata, 2019). På den ene siden kan sosiale medier bidra til økt fokus på kropp og utseende. Det kan øke frykten for å gå glipp av sosiale hendelser og skape et press om å være pålogget, prestere sosialt og framstå på en bestemt måte. På den andre siden kan sosiale medier gi økt selvtillit og bedre relasjoner til andre. De kan også gjøre det lettere for en del ungdommer å velge hvem de vil ha kontakt med.
Relatert innhald
Korleis kan du sjekke kvaliteten på tekstar som er laga med kunstig intelligens?
Sjå om du klarer å finne feil og fordommar i KI-genererte tekstar.