Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Korleis samanlikne to karakterar?

Sjå korleis du kan gå fram når du blir beden om å samanlikne to karakterar i episke tekstar.

Ei trinnvis innføring med modelltekst

Her skal du få ei innføring i korleis du kan lage avsnitt der du samanliknar to karakterar. Innføringa bruker ein modelltekst for å vise deg korleis du kan setje opp avsnittet. Modellteksten samanliknar karakterane Jamal og Mo frå romanen Tante Ulrikkes vei.

Trinn 1: Temasetning

Vi skal først øve på å lage ei god temasetning til avsnittet. Ei temasetning er den første setninga i avsnittet.

Gode råd for temasetninga:

Temasetninga skal signalisere for lesaren kva avsnittet skal handle om. Viss du til dømes skal skrive om utanforskap, bør du bruke ordet utanforskap i temasetninga.

Ho kan gjerne vere kort.

Døme på temasetning

Setninga under er eit døme på ei god temasetning. Denne får tydeleg fram at avsnittet skal handle om utanforskapen til karakterane:

Trinn 2: Karakter 1

Neste trinn er å presenterere karakter 1. Då må du vise korleis det du har skrive i temasetninga, er aktuelt for denne karakteren. Dessutan bør du bruke sitat frå teksten du skriv om. Sitata er nemleg grunngivingane dine.

Døme

Under kan du sjå eit døme på korleis du skriv om ein karakter. Vi skriv om Jamal frå Tante Ulrikkes vei, og korleis han opplever utanforskap. Legg merke til at vi har funne eit sitat frå boka for å grunngi det vi skriv.

Trinn 3: Mjuk overgang

Når du er ferdig med å skrive om karakter 1, skal du skrive om karakter 2. Eit godt råd er å lage ein mjuk overgang mellom dei ulike delane av avsnittet. Sjå for deg at du tek lesaren din i handa og "leier" hen frå den eine delen av teksten til den andre.

Dette får du til ved å bruke fraser som viser likskap eller ulikskap mellom personane:

Fraser som viser likskap

  • Til liks med Jamal ...

  • Det same karaktertrekket ser vi hos ...

  • Utdraget om Mo viser det same temaet ...

  • Dette viser seg òg i Mos ...

Fraser som viser ulikskap

  • Som ein kontrast til dette er ...

  • Eit heilt anna karaktertrekk ser vi hos ...

  • Men mens Jamal er ..., er Mo ...

  • Mos syn på ... er heilt ulikt Jamals.

Døme

Sjå på dømet under. I del 3 (C) skriv vi om Mo. Vi har brukt frasen "i motsetning til" for å vise at Mo og Jamal opplever utanforskap på ulike måtar.

Trinn 4: Avslutning

Du skal lære eit lite triks til. Sjå på modellteksten under og tenk over:

  1. Korleis avsluttar vi avsnittet?

  2. Kvifor avsluttar vi avsnittet slik?

Korleis avslutte avsnittet?

Eit godt tips er å bruke dei siste setningane i avsnittet til å samanfatte. Temaet i romanen Tante Ulrikkes vei er korleis det er å vekse opp i Noreg som ein minoritet. Derfor bruker vi dei siste setningane til å vise at sjølv om gutane kjenner på utanforskap på ulike måtar, handlar begge karakterane si historie om å vere annleis.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 14.11.2025