Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Kva rettar bør språklege minoritetar ha?

Undersøk kva som blir gjort for å verne minoritetsspråk i Noreg og diskuter dette.

Minoritetsspråkpakten

I 1998 slutta Noreg seg til Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Det er utgangspunktet for Minoritetsspråkpakten.

"Samisk, kvensk, romanes og romani er definerte som minoritetsspråk i Noreg, og dermed beskytta av Minoritetsspråkpakten. Minoritetsspråkpakten slår fast at vern om dei historiske regions- eller minoritetsspråka i Europa er med på å halde oppe og utvikle kulturell rikdom og tradisjonar i Europa. I Noreg byrja Minoritetsspråkpakten å gjelde i 1998."

(Regjeringen.no)

Oppgåve

Del 1: Lær om urfolk og minoritetar

Studer informasjonen du finn på regjeringa sine sider om urfolk og minoritetar:

Lag eit notat der du forklarer følgande :

  • kjenneteikna på at ei folkegruppe utgjer ein minoritet
  • kjenneteikn som må vere til stades før vi kan snakke om ein nasjonal minoritet
  • rettar som Europarådet meiner nasjonale minoritetar skal ha
  • kva norske folkegrupper den norske regjeringa meiner fell inn under omgrepet nasjonale minoritetar
  • forskjellen mellom eit urfolk og ein nasjonal minoritet

Del 2: Diskuter

Diskuter i klassen eller i mindre grupper:

  • Bør urfolk ha andre rettar enn andre minoritetsgrupper som bur i Noreg?
  • Kva oppnår det norske storsamfunnet ved å gi støtte til vern av minoritetsspråk?

Hugs å grunngi standpunkta dine med faglege argument!

Kjelde

Regjeringen. (2025, 01. juli). Minoritetsspråkpakten. https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/nasjonale-minoriteter/midtspalte/minoritetssprakpakta/id86936/

Relatert innhald

Kvensk språk

Kvensk er eit av dei fire nasjonale minoritetsspråka i Noreg. Språket høyrer til den finsk-ugriske språkfamilien.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 16.02.2026