Berekraftig utvikling - Innleiing - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Berekraftig utvikling

Innleiing

CC BY-SA 4.0

Omgrepet "berekraftig utvikling" høyrest fint ut, og det blir mykje brukt av politikarar og media. Men kva betyr det eigentleg?

Bli kjent med opphavet til omgrepet og finn ut kva som eigentleg blir meint med berekraftig utvikling og berekraft. Finn ut korleis vi kan jobbe for å få ei slik utvikling , og diskuter om det i det hele teke er mogleg å kombinere med auka forbruk.

Læringsmål:

Når du har jobba med denne stien skal du kunne:

  • forklare kva som blir meint med berekraftig utvikling.
  • gi døme på korleis den enkelte og samfunnet kan jobbe for å oppnå berekraftig utvikling.
  • forklare korleis berekraftig utvikling heng saman med det vi gjer i kvardagen.
  • argumentere for kva som er viktigast å jobbe med, i Noreg og andre delar av verda.