Berekraftig utvikling - Bli betre kjent med FN sine berekraftsmål - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Berekraftig utvikling

Oppgåve

Bli betre kjent med FNs berekraftsmål

FNs berekraftsmål er først og fremst eit hjelpemiddel for dei som styrer, både lokalt og nasjonalt, til å ta avgjerder som kan gi ei berekraftig utvikling. Utforsk måla og sjå om du finn mål som har direkte betydning for deg i det daglege.

FNs bærekraftmål – hovedmål og delmål

  1. Kva for mål handlar mest om
    1. miljø?
    2. sosiale forhold?
    3. økonomi?
  2. Ta utgangspunkt i dei faga du har i år.
    1. Finn eksempel på berekraftsmål som kan knytast til dei ulike faga.
    2. Er det nokre fag som ikkje kan knytast til eitt eller fleire berekraftsmål? Kommenter.
  3. Kva for mål trur du er vanskelegast å nå? Kvifor trur du det?
Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2019