Berekraftig mat - Hva vil dere finne ut mer om? - Naturfag (DT) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Berekraftig mat

Kva vil de finne ut meir om?

Oppsummer kva de har funne ut så langt og finn ut kva de vil jobbe vidare med.

No har de fått eit innblikk i somme sider ved berekraftig kosthald. Diskuter det de har jobba med til no og forsøk å finne tema de vil undersøkje nærare:

  • Er det nokon tema om berekraftig mat de synest er spesielt interessante eller viktige?

  • På kva måte handlar dette temaet om kvardagen dykkar i dag, og i framtida?

  • Kva er det viktigaste de har lært så langt?

  • Har de vore ueinige om noko?

  • Kva har de blitt overraska over?

  • Kva trur de blir viktig med tanke på kosthald og matproduksjon i framtida?

Bruk det som kjem fram i diskusjonen til å kome opp med idéar til kva de vil jobbe vidare med. Lag ei problemstilling, gjennomfør spørjeundersøkingar, forsøk eller andre aktivitetar og bruk ulike kjelder.

I oversikten med læringsressursar under har vi lagt inn fleire fagstoffsider og oppgåver. Desse kan brukast som dei er eller som inspirasjon å byggje vidare på.

... ingen skal svelte, og alle menneske skal ha tilgang på næringsrik og berekraftig mat heile året.

Utdrag av FNs berekraftsmål nr. 4

Del det de finn ut med omverda. Vi treng mange nye idéar for at alle i verda skal få tilgang til berekraftig mat!

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Berekraftig mat

Gå til faget: Naturfag (DT)

Gå til emne: Kosthald