Oppgave
Oppgåver om hushald og ressursgrunnlag i reindrifta
Planlegg og gjennomfør arbeid der du utnyttar ulike delar av reinen.
Delta i slakting av ein rein og utfør enkel tilarbeiding av leggskinn slik at dei er klare for tørking.
- Gå saman to og to og diskuter korleis ein kan leggje til rette for næringsutvikling i samband med reindrifta, som reiseliv, duodji, lokalmatsatsingar og kulturnæringar der de bur. Foreslå gjerne òg nye måtar å unytte reinen på som ingen har tenkt på før. Presenter det de har kome fram til, for dei andre i klassen.