Tonehøgder og equalizeren - Utforsk lydrommet med ein equalizer - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Tonehøgder og equalizeren

Oppgåve

Utforsk lydrommet med ein equalizer

Gjer opptak av ei opplesing og bruk ein equalizer til å utforske lydrommet i opptaket.
  1. Førearbeid: Vel ut ein passande tekst.
  2. Opptak: Gjer eit opptak av opplesinga, der det er relativt kort avstand mellom mikrofon og lydkjelde.
  3. Redigering: Leik deg med lydrommet i opptaket. Bruk ein equalizer aktivt og sjå om du kan flytte opplesinga bakover og eventuelt ut til sida.
  4. Presentasjon: La andre i klassen få høyre resultatet av arbeidet ditt.
Skrive av Knut Halmrast.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2017