Small Talk - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Kortfilm

Small Talk

Å feie ubehagelege ting under teppet kan kanskje verke normalt for ein stereotypisk familie på Sørlandet. Men kortfilmen Small Talk, som handlar om den noko dysfunksjonelle familien Dvergsnes, har tydelegvis truffe ei nerve som er lett å kjenne att – til og med på filmfestivalar over heile Europa.

Om filmen

Vi får tre små innblikk i ein tilsynelatande normal sørlandsk storfamilie i løpet av eit halvt års tid. Men det skal fort vise seg at dette er ein familie som synest det er lettare å prate om vindretningar, gardinoppheng og anna "small talk" enn dei meir alvorlege temaa som det viser seg at dei står overfor. Det heile blir ein absurd og komisk film med situasjonar som ikkje berre er lette å kjenne att i lokalmiljøet, men som har vist seg å vere like populære utover landegrensene.

Small talk har gått sin sigersgang på filmfestivalar over hele Europa. I tillegg til prisar i både Estland, Portugal og Finland, vann han blant anna Gullstolen ved Kortfilmfestivalen i Grimstad og Beste norske kortfilm ved Bergen internasjonale filmfestival.

Dokumentarisk

Filmen framstår nesten som ein dokumentar, men regissørane Even Hafnor og Lisa Brooke Hansen har brukt amatørskodespelarar som delvis har improvisert fram innhaldet. Hafnor har faktisk spelt inn store delar av filmen i huset til mormora si, og i tillegg har han hanka inn sine eigne foreldre til å spele eitt av ektepara i den dysfunksjonelle familien.

Relatert innhald

Skrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019