Munnleg-praktisk oppgåve: lag ein ulovleg og uetisk reklame - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Munnleg-praktisk oppgåve: lag ein ulovleg og uetisk reklame

I denne oppgåva skal du vise at du kjenner lover og etiske reglar som gjeld for marknadskommunikasjon i Noreg, og at du kan ta omsyn til desse i eigen produksjon. Du skal òg reflektere over kva det er som gjer at eit reklameuttrykk er ulovleg og uetisk.

Målet med oppgåva er

  • å vise at du kan planleggje og produsere eit medieuttrykk saman med andre

  • å vise at du kan bruke ulike verkemiddel for å nå ei bestemd målgruppe

  • å vise at du kjenner til lover og etiske reglar for marknadskommunikasjon

  • å vise at du kan reflektere over etiske problemstillingar i eigen medieproduksjon, og over forskjellen mellom lov og etikk

  • å øve på å løyse ei munnleg-praktisk eksamensoppgåve

Arbeidsoppdrag

Jobb saman i mindre grupper. Kvar gruppe skal lage eit reklameuttrykk som medvite bryt med lover og etiske reglar for forsvarleg marknadskommunikasjon.

Reklame er eit viktig hjelpemiddel for ein produsent som ønskjer å selje ei vare eller ei teneste. Reklamar kan utformast som avisannonsar, reklameplakatar, reklamefilmar, som radiospottar eller som videospottar i sosiale medium.

Reklamen skal gi brukarane informasjon om produktet, men også bruke verkemiddel som gir produktet meirverdi.

Planleggingsfasen

  • I Noreg finst det lover som regulerer kva som er lovleg reklame. I tillegg finst det etiske reglar som gjeld for alle som jobbar i bransjen. Set dykk grundig inn i desse.

  • Idémyldre dykk fram til eit produkt eller ei teneste de vil reklamere for, og korleis uttrykket skal utformast.

  • Vel målgruppe og kanal.

  • Planlegg korleis de vil bruke AIDAS for å nå målgruppa.

  • Bestem dykk for kva lover og etiske reglar de vil utfordre i produksjonen.

Produksjonsfasen

Lag eit produkt med god teknisk og uttrykksmessig kvalitet. Medieuttrykket skal vise at de meistrar reklamesjangeren og bruk av verkemiddel.

Bruk helst digitale verktøy, men annonsar og plakatar kan òg utformast for hand.

Produktet skal innehalde minst eitt lovbrot og eitt uetisk innslag.

Etterarbeid

Når de er ferdige med produktet, skal de kvar for dykk lage ein utfyllande refleksjonsrapport.

I rapporten skal de reflektere over forskjellen mellom lover og etiske reglar og gjere greie for kvifor den reklamen de har laga, er både ulovleg og uetisk.

I tillegg skal de vurdere prosessen og produktet ut frå eit reint produksjonsmessig perspektiv.

Bruk gjerne malen nedanfor.

Relatert innhald

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2021