Medieforteljingar, sjangrar og narrativ analyse - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Medieforteljingar, sjangrar og narrativ analyse

Forteljingar er strukturerte handlingsgangar om karakterar. Karakterane prøver å nå bestemte mål, og vi lever oss inn i det. Medieforteljingar er forteljingane vi møter i media, og vi bruker narrativ analyse for å avdekkje meininga.

Kva er ei medieforteljing?

I barndommen til fjernsynet på 1960-talet var det lange pausar mellom programma. TV-bileta var i svart-kvitt, og skjermen viste liveopptak av fiskar som svømde uforstyrra rundt i eit akvarium. Etter nokre år blei roleg musikk lagt til på opptaket.

Vi kan godt kalle eit slikt pauseinnslag for ein Medieteksten inneheld og uttrykk som formidlar ein tilstand av ro og mental kvile. Men det er først når ein tekst står fram som ei vilja framstilling av hendingar i eit bestemt forløp, at vi kan kalle teksten ei .

Definisjon av forteljing og medieforteljing

Medieprofessor Jostein Gripsrud definerer omgrepet forteljing slik:

En fortelling er en framstilling av et menneskelig (eller menneskelignende) subjekt som har et prosjekt (vilje, ønske, begjær) og som gjennomlever en kjede av kausalt sammenhengende begivenheter (Gripsrud, 2002, s. 193).

Eit subjekt er i filosofisk forstand det/den som erfarer eller sansar noko, eller den som utfører handlinga. Kausal betyr at det finst ein årsak–verknad-samanheng i det som skjer. Forteljingar kan vere munnlege formidlingar oss imellom. Når forteljingar er produserte med medieteknologi og formidla i mediekanalar, kallar vi dei medieforteljingar.

I motsetnad til videoopptaket av pausefisken er derfor filmen nedanfor med oteren Svenn frå NRK Skole ei medieforteljing.

Tenk over

  • Korleis er historia om Svenn produsert for å gjere Svenn til eit menneskeleg subjekt?

  • Kva hendingar medverkar Svenn i?

  • Kva årsak–verknad-samanhengar er lagde inn i det som skjer?

Narratologi og narrativ analyse

Narratologi er læra om forteljingar. Forteljeteoriar er opptekne av samanhengen mellom innhaldet i forteljinga og struktur og av korleis vi opplever og erfarer verda gjennom å utveksle historier.

Narrativ analyse er ein vitskapleg metode som blir brukt for å avdekkje meining i alle slags forteljingar, både munnlege forteljingar, historiske skildringar, litterære forteljingar og medieforteljingar.

Du kan også velje å sjå på éin eller fleire innfallsvinklar ved medieforteljingar.

Utforsking av medieforteljingar

Narrativ analyse handlar om å utforske tekstar ved hjelp av ulike metodar og modellar. Når vi utforskar medieforteljingar, ser vi ofte på desse aspekta:

  • Stemmer og forteljarposisjonar. Kva stemmer kjem til orde i forteljinga, og gjennom kven sine auge ser og forstår vi det som skjer?

  • Historia (storyen). Kva handlar forteljinga om?

  • Karakterar og karakterutvikling. Korleis utviklar hovudpersonane seg i møte med det som skjer?

  • Handlingsgangen (plottet). Dette er måten hendingane utviklar seg på.

  • Forteljarstrategiar og verkemiddel. Dette er måten forteljinga er fortald på.

  • Struktur og dramaturgi. Dette er måten forteljinga er bygd opp på.

  • Referansar. Korleis forteljinga speler på andre forteljingar eller viser til røyndomsoppfatning, samfunnsliv og kultur i fortid og notid.

Medieforteljingar tilhøyrer bestemte sjangrar

Når du skal analysere ei medieforteljing, forheld du deg til som medieforteljinga tilhøyrer. Sjangeren seier noko om "kontrakten" mellom medieforteljinga og mottakaren og noko om føremålet med medieteksten. Sjangeren legg premissar for tolkingsarbeidet du gjer i ein analyse.

Når vi slår på Dagsrevyen eller TV 2 Nyhetene, forventar vi å sjå og høyre nyheitsforteljingar om aktuelle hendingar. Vel du å sjå ein actionfilm på Netflix, har du forventningar om ei forteljing med fart og spenning.

I begge tilfella er sjangeren med på å styre forventningane til og opplevinga av forma, innhaldet og truverdet til forteljinga.

Fiktive og ikkje-fiktive medieforteljingar

Ei medieforteljing kan vere oppdikta (fiksjon), men kan også vere ei forteljing om noko som faktisk skjer eller har skjedd (fakta). I nokre forteljingar er det blanding av fakta og fiksjon (faksjon).

Døme på medieforteljingar

  • høyrespel (fiksjon)

  • spelefilm (fiksjon)

  • dokumentar (fakta)

  • nyheitssending (fakta)

  • reportasje (fakta)

  • videoblogg (fakta – stort sett)

  • dokudrama (faksjon)

  • podkast (fakta/faksjon)

Repetisjon og bakgrunnsstoff

Noko av den fagkunnskapen du må bruke når du skal analysere ein medietekst, har du lært tidlegare. Under relatert innhald nedanfor finn du ei oversikt over nokre viktige fagartiklar som det kan vere lurt å repetere.

Kjelder

Gripsrud, J. (2002). Mediekultur, mediesamfunn (2. utg.). Universitetsforlaget.

Relatert innhald

Fagstoff
Forteljinga

Ei forteljing kan vere oppdikta eller handle om noko som faktisk har hendt. Alle forteljingar har ei historie og ein forteljingsstruktur.

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2022