Oppgave
Lytt til ulike frekvensar
Gjer eit lydopptak på ein stad der det finst lydar med ulik tonehøgde. Gjer deg kjend med toneområde og equalizeren i lydprogrammet ditt gjennom å fjerne ulike frekvensar av opptaket etter tur.
- Førearbeid: Finn ein passande opptaksstad.
- Opptak: Gjer eit opptak som har både lyse og djupe lydar. Det kan vere ved ein trafikkert veg, i ei kantine eller i eit kjøpesenter.
- Redigering: Hent inn den største og beste equalizeren som finst i programmet ditt.
- Sjå om du finn ut korleis du kan fjerne dei djupaste frekvensane i opptaket. Det kan du blant anna gjere med eit high-pass- eller low-cut-filter.
- Varier mellom å høyre på heile lydbiletet og berre å høyre på dei lyse lydane. Kjenn etter korleis lydbiletet påverkar deg.
- Gjer tilsvarande både med dei djupe lydane og dei lydane som er i mellomtoneregisteret.
- Presentasjon: La dei andre i klassen lytte til resultatet etter at du har jobba med lydopptaket i equalizeren. Korleis opplever dei det lydbiletet du har laga?