Intertekstualitet i filmer og tv-serier - Finn filmreferansane - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Intertekstualitet i filmer og tv-serier

Øving

Finn filmreferansane i The Simpsons

TV-serien The Simpsons er kjent for å på ein humoristisk måte gjenskape scener frå kjende filmar. I denne øvinga skal du søkje på nett etter klipp som illustrerer dette.

Finn filmreferansar i The Simpsons

Gå til Google, eller direkte til YouTube, Vimeo eller ein annan videonettstad, og søk etter filmreferansar i The Simpsons.

Tips til søkjeord: "The Simpsons and film", "The Simpsons and cinema" eller "The Simpsons movie references".

  • Kva filmar finn du at The Simpsons refererer til?
  • Korleis er filmscenene endra i animasjonsserien?
  • Kva trur du filmskaparane oppnår ved å bruke referansar til filmar på denne måten?

Panserkrysseren Potemkin

Mange filmar opp gjennom filmhistoria refererer til trappescena frå Panserkrysseren Potemkin –ofte omtala som The Odessa stairs.

Det er blant anna referert til trappescena i Simpsons-episoden Treehouse of Horror XI.

Skrive av Tina Andersson Jensen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018