Bruk designtenking og løys problemet - Medieuttrykk 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Bruk designtenking og løys problemet

Jobb i grupper og bruk metoden designtenking for å løyse eit problem. Kanskje endar de opp med prototyp til ein app eller nettside, ein haldningskampanje i sosiale medium eller eit arrangement? Eller kanskje det blir noko heilt anna?

Vel éi av dei fem problemstillingane under og bruk designtenking som metode for å løyse problemet. Kva slags løysing som kjem ut av arbeidet, er opp til dykk.

  • Kva er eigentleg problemet, sett frå ståstaden til dei det gjeld?

  • Kva argument har dei for å gjere som dei gjer?

  • Kva irriterer dei? Kva er det som står i vegen for at ting ikkje endrar seg til det betre?

Finn menneske, snakk med dei åleine eller i grupper. Lytt, observer og noter. På bakgrunn av det de ser og høyrer, lagar de ei problembeskriving. Det er dette problemet de skal løyse.

Problem 1: sløsing med pengar

I løpet av vidaregåande skule eller studietida får mange unge menneske sin første jobb. Denne plutselege kjøpekrafta kan gjere det freistande å sløse, og mange brukar pengar på alt dei har lyst på, med det same dei får lyst på det.

Det luraste er vel å spare pengane til seinare og bruke dei på noko fornuftig? Kva kan gjerast for å få unge menneske til å spare meir?

Problem 2: låg valdeltaking

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå er valdeltakinga låg blant unge i Noreg. Dei som akkurat har flytta heimanfrå, er dårlegast til å gjere si borgarplikt og stemme ved val. Den store delen unge "heimesitjarar" er eit demokratisk problem, då dei unge i praksis lèt dei eldre bestemme for seg. Det har òg vist seg at mange vegrar seg for å stemme fordi dei ikkje kan nok om politikk.

Kva kan gjerast for å få unge menneske til setje seg inn i politikk og bruke stemmeretten sin når det er val?

Problem 3: manglande studieteknikk

Mange skuleelevar og studentar tyr til skippertaks-metoden når dei studerer. Dei jobbar intenst rett før ei prøve eller innlevering, for såg å gløyme det meste like etterpå.

Kva kan gjerast for å få elevar og studentar til å jobbe meir jamt med skulearbeidet, og til å ta i bruk metodar som gjer at stoffet "sit" betre?

Problem 4: bruk-og-kast-mentalitet

Mange er oppdregne til å vere forbrukarar, altså til å kjøpe nytt og kvitte seg med det dei har, gong etter gong.

Kva kan de gjere for å få folk til å reparere ting sjølve, til å kjøpe ting som lèt seg reparere, og til å klare seg med mindre, i staden for heile tida å kjøpe nytt?

Problem 5: falske nyheiter

Ein god del menneske, både gamle og unge, kan ha problem med å skilje sanning frå løgnar når dei blir utsette for falske nyheiter. Dette er særleg eit problem i sosiale medium.

Kva kan gjerast for å hjelpe folk med å skilje fakta frå usanningar?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Gjer fokusgruppeundersøkingar

Gjennomfør fokusgruppeundersøkingar for å finne ut korleis medieinnhaldet best kan nå målgruppa.

Skrive av Ellen Johansen og Knut Inge Skifjeld.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2021