Verktøy for produksjon av multimedia-artikkel - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Verktøy for produksjon av multimedia-artikkel

Vil du bli flinkare til å lage visuelt, multimedialt innhald for skjerm? Her får du tips til eit konkret verktøy du kan bruke til å kombinere tekst, bilete og videoar på spennande måtar!

Sway

Det finst mange ulike presentasjons- og publiseringsverktøy du kan bruke til å lage visuelle og multimediale produksjonar for skjerm. Kanskje har de som går på medium og kommunikasjon, tilgang til Adobe Spark på skulen? Eller bruker du kanskje Wordpress eller Shorthand? Då veit du sannsynlegvis at du kan nytte desse programma til å brekke om tekst og bilete til visuelle nettsider, presentasjonar eller samansette tekstar.

I denne rettleiinga vil vi vise deg korleis du kan produsere visuelt, digitalt innhald med Sway. Programmet er ein del av Microsoft Office-pakka og er gratis viss du registrerer deg på sway.office.com.

Her er eit døme på ein nettreportasje med tekst, bilete og videoar som er laga med Sway. Tips: Set på fullskjerm for å oppnå ein wow-effekt! Har du lyst til å lage noko liknande?

Slik lagar du innhald med Sway

1. Planlegg og produser

Finn ut kva du vil lage noko om, og planlegg, finn og produser innhald som tekst, lyd, bilete og videoar. Før du begynner å setje saman produksjonen, bør alle elementa vere på plass. Det vil seie at teksten bør vere skriven, og at bileta og videoane bør vere ferdig redigerte! Bruk den tida du treng, før du går til neste trinn.

2. Legg til innhald

Når alle elementa er på plass, kan du opprette eit dokument ("ny, tom Sway") og leggje inn innhaldet ditt. Leik deg med å lage biletkarusellar, setje inn bakgrunnsbilete og leggje inn lyd- eller videoklipp. Last opp eige innhald, eller finn innhald på nett. Hugs å sjekke at bileta eller videoane du bruker, er merkte med CC-lisens!

Tips til korleis du finn og legg inn innhald i Sway. Video: Maren Aftret-Sandal / CC BY-SA 4.0

3. Vel layout

Tenk på at designen skal passe til føremålet, kanalen og målgruppa. Du kan tilpasse uttrykket ved å velje fargar, skrifttypar og layout. Bestem om leseretninga skal vere loddrett (som på ei nettside) eller vassrett (som på eit nettbrett). I Sway kan du trykkje på Utforming, Stiler og Tilfeldig (engelsk: remix) for å få fleire layout-framlegg.

Tips til korleis du finn og vel framlegg til layout i Sway. Video: Maren Aftret-Sandal / CC BY-SA 4.0

4. Sjekk arbeidet ditt

Før du seier deg ferdig, er det viktig at du går gjennom sluttproduktet sjølv. Du bør dessutan vise det til andre og be om innspel, slik at du leverer eit best mogleg produkt. Gå òg over språket! Unngå tungt språk med lange setningar, og luk ut skrivefeil.

5. Del og publiser

Publiser i eigna kanal, eller del presentasjonen din med læraren. Oppe til høgre i Sway ser du ei pil og teksten Del. Trykk her for å få opp delingsmoglegheiter. Du kan bestemme kven du skal dele med, og om du skal dele URL eller visuell kopling eller bruke innebyggingskode.

Viss du skal plassere Sway-presentasjonen på ei nettside, kan du byggje han inn (engelsk: embedding). Då bør du tilrå at lesaren vel fullskjermsvising. Vel i så fall Få innebyggingskode.

Relatert innhald

Skrive av Maren Aftret-Sandal og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021