Teknikkar for idéutvikling i medieproduksjon - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Teknikkar for idéutvikling i medieproduksjon

Idéutvikling handlar om å skape idear, utvikle dei og løyse problem. I mediebransjen er idéutvikling eit viktig ledd i planlegging av kommunikasjon og bodskap.

Idéutvikling blir brukt i alt profesjonelt arbeid med medieuttrykk. Ein journalist kan ha nytte av idémyldring for å finne fram til interessante vinklingar i ei sak.

I kommunikasjons- og reklamearbeid blir idéutvikling brukt i startfasen for å klargjere desse punkta:

  • Kven er målgruppa?
  • Kva er bodskapen?
  • Kva vil vi oppnå med kommunikasjonen vår?
  • Kva forteljing skal vi fortelje?

Lær deg ein teknikk

Det finst tallause teknikkar for idéutvikling. Nokre kan brukast individuelt, og andre eignar seg best i samarbeid mellom fleire. Ofte er det nyttig og nødvendig å kombinere ulike teknikkar.

Her er nokre teknikkar som blir brukte i arbeid med medieproduksjon:

Brainstorming

Meister

Kleshengar

Finn ein leiar

Det er ikkje uvanleg at ein person blir beden om å vere leiar, eller lós, for idéutviklingsprosessen. Han eller ho passar på tida, sørgjer for at stemninga er god, og at idéutviklinga blir dokumentert. Trygge, avslappa og leikne rammer for prosessen gjer at fleire tør å kome med ideane sine.

Her er nokre øvingar som kan gjere gruppa tryggare på kvarandre:

Bli-kjend-øvingar

Relatert innhald


Skrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021