Slik introduserer du ein filmkarakter - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik introduserer du ein filmkarakter

I ein fiksjonsfilm eller ein dokumentarfilm må sjåarane bli kjende med personane filmen handlar om. I dette filmklippet blir ein mannleg karakter introdusert. Kva veit vi om denne personen gjennom det vi får sjå så langt i filmen?
I filmen sit ein mann på ein traktor og sjekkar noko på eit nettbrett. Han tek bussen inn til byen, legg seg inn på hotell og møter ei kvinne. Video: Tom Knudsen / CC BY-NC-ND 4.0

I filmproduksjon må alt vere gjennomtenkt. Det blir teke mange val, og ingenting kan vere tilfeldig. Sjølv små detaljar i biletutsnitt bidreg til å fortelje viktige sider ved karakterar, og dei bidreg til framdrift i forteljinga.

Kva fortel bileta oss om karakteren i filmen, og kva har bileta å seie for korleis vi forstår hendingane i forteljinga?

Biletet fortel:

  • Han er (kanskje) bonde.
  • Han er interessert i noko.

Biletet fortel:

  • Han bur landleg til.

Biletet fortel:

  • Han har astma.

Biletet fortel:

  • Han oppsøker eksklusive omgivnader.

Biletet fortel:

  • Han er gift.

  • Han vel å ta av ringen.

Biletet fortel:

  • Han ventar på nokon i ein restaurant.

Relatert innhald

Skrive av Tom Costigan og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2017