Oppgave
Skisser tre scener i ein film
Forklar medelevar korleis scena i filmen skal vere. Få dei andre til å forstå kva du eigentleg meiner, slik at de unngår å misforstå kvarandre.
Frå før har de erfaring med at det oppstår problem på opptaksstaden når alt burde vere klart. De har leigd inn utstyr og dyre skodespelarar til timepris. Dette vil de framfor alt unngå i dette samarbeidet.
Jobb på same ark og bruk stoppeklokke.
Bruk 5 minuttar på å skissere tre scenar i filmen:
- kjærleik ved første blikk
- eit par kjøper noko nytt
- bilulykke
Hugs at poenget er å skisse, ikkje å teikne!