Roswell Enterprises – ei god forteljing? - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Roswell Enterprises – ei god forteljing?

Vurder om kortfilmen Roswell Enterprises oppfyller krava til elementa i ei god forteljing.
  1. Sjå kortfilmen Roswell Enterprises (2005).
  2. Vurder om filmen inneheld dei fire elementa i den gode forteljinga, som er at forteljinga bør
    • ha eit overraskande element
    • vekkje attkjenning
    • spele på nysgjerrigheit
    • ha med noko som er annleis (kuriøst eller originalt)
  3. Vurder til slutt den dramaturgiske kurva i kortfilmen. Har kortfilmen ein typisk dramaturgi som følgjer Hollywood-modellen?

    Grunngi svara godt. Del gjerne tankane dine med andre.

Relatert innhald

Fagstoff
Element i den gode forteljinga

Overrasking, attkjenning, nysgjerrigheit og noko kuriøst er fire element regissør og filmkonsulent Sirin Eide tilrår for å få til ei god historie.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 24.10.2019