Lag panel- eller historieforteljande podkast - Forteljeteknikk i podkast - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Lag panel- eller historieforteljande podkast

Forteljeteknikk i podkast

Podkast lar oss snakke direkte til lyttaren, og gir oss moglegheita til ein nærleik som er ganske unik. Dette set elles krav til at podkasten må vere interessant og lett å visualisere for lyttaren. Forteljeteknikk og kontroll over det tekniske blir derfor viktig.
Video: Tom Knudsen, Siren Halvorsen, Tron Bårdgård / CC BY-SA 4.0

Kort samandrag av filmklippet

Når vi berre har lyd å spele på, må lyden vere god, og det som blir sagt, må vere bra.

Hald mikrofonen nært intervjuobjektet slik at lyden blir bra, og rydd bort bakgrunnsstøy.

Still spørsmåla på ein måte som gjer det mogleg å sjå for seg det som det blir snakka om.

Still oppfølgingsspørsmål.

Prøv å lage bilete slik at lyttaren kan sjå det for seg.

Viss intervjuobjektet fortel i presens (notid) i staden for fortid, kan det gi meir nærvær og nærleik.

Skrive av Idun Fivelstad og Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2019