Fagstoff
Video
Korleis planlegge en podkast
Forskjellige typar podkastar inneber forskjellige framgangsmåtar under førebuingane. I panelpodkastar har vi ofte ein overordna køyreplan. Historieforteljande podkastar treng ofte endå meir utfyllande planlegging. Sindre Leganger fortel om sin prosess med historieforteljande podkastar.
Video: Tom Knudsen, Siren Halvorsen, Tron Bårgård / CC BY-SA 4.0
Tips til historieforteljande podkast
Ta kontakt med moglege kjelder, og finn ut om dei kan stille i podkasten.
Viss du er nysgjerrig på noko, vil andre òg kunne vere nysgjerrige på det.
Gjer research og set opp namnet på alle som er involverte i historia, i eit dokument. Kontakt dei.
Hald mikrofonen nært intervjuobjektet for god lyd.
Du kan starte med å be intervjuobjektet fortelje om hendinga frå a til å.
Når du jobbar med lyd, må du fortelje på ein sånn måte at det er mogleg å sjå for seg det som det blir snakka om.
Prøv å gjere hendingane til konkrete bilete, slik at lyttaren ser dei for seg.