Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet interaktivitet og historieforteljing
Kor godt forstår du interaktivitet?

Interaktivitet betyr samspel eller gjensidig påverknad. Omgrepet blir brukt om samspelet mellom ein brukar og eit datasystem eller dataprogram, der handlingane til brukaren påverkar utføringa av programmet og omvendt. Korleis forstår du forteljingar når dei er interaktive?
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god greie på kva interaktivitet er.
- Eg kan forklare kva interaktivitet er.
- Eg forstår forskjellen på å strukturere ei interaktiv forteljing som pyramide, i ruter og i ein friare struktur.
- Eg forstår korleis kjernar og satellittar fungerer i ei interaktiv forteljing.
- Eg kan teikne opp strukturen i ei interaktiv forteljing.
- Eg kan planleggje og produsere innhald til ei interaktiv forteljing.
- Eg kan analysere ei interaktiv forteljing.
Nøkkelord | ||
---|---|---|
interaktivitet | kjernar | pyramidestruktur |
friare struktur | satellittar | ruterstruktur |
multilineær | dramaturgi | interaktiv historiefortelling |
strukturoversikt | navigasjon | aktant |