Å definere ei målgruppe - Treffer du målgruppa di? - Medieuttrykk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å definere ei målgruppe

Oppgåve

Treffer du målgruppa i eigne medieproduksjonar?

Finn fram eit medieprodukt du har laga tidlegare dette skuleåret eller i fjor. Vurder korleis du har tenkt på målgrupper i det prosjektet.
  1. Skriv ein tekst på omtrent 300 ord der du skildrar kven som er målgruppe, og korleis medieproduktet treffer.

    Bruk relevante fagomgrep.

  2. Når du no ser det i etterkant, synest du at du kunne ha gjort noko for å treffe målgruppa endå betre?
    Diskuter med ein eller fleire andre i klassen: Korleis vil de gå fram for å treffe målgruppa i neste medieprosjekt?

    Set opp ein plan på minst seks punkt.

Skrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2017

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Å definere ei målgruppe