Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Sosiale medium: sjangrar og format

Fagstoff

Storleik på medieinnhald i sosiale medium

Du skal lage medieinnhald til Snapchat, Instagram eller Facebook, men kor store bør dei ulike elementa eigentleg vere? Her finn du ei oversikt over storleiken på hyppig brukte format i sosiale medium.

Format i sosiale medium

horisontal
liggande, breiddeformat (til dømes 16:9, 1 080×556 px)
kvadratisk
firkanta, like høgt og breitt (til dømes 1:1, 1 080×1 080 px)
vertikal
ståande, høgdeformat (til dømes 1 080×1 920 px)

Tips når du lagar innhald til fleire plattformer

Ta mange bilete i både breidde- og høgdeformat.

Ta opp video i både breidde- og høgdeformat.

Ha negativt rom (luft) rundt hovudmotivet, slik at du kan bruke materialet på fleire måtar.

Lag innhald som framstår einskapleg (like fargar og skrifttypar, lik visuell stil).

Tilpass innhaldet til kvart enkelt format / kvar enkelt plattform.

YouTube

  • profil: 800×800 px

  • thumbnail: 1 280×720 px

  • banner: 2 560×1 440 px

  • stories: 1 080×1 920 px

  • breiddeformat (horisontalt)

  • video: 16:9

TikTok

  • profilbilete: 200×200 px

  • video og bilete: 1 080×1 920 px (9:16)

Snapchat

  • profilbilete: 200×200 px
  • bilete, stories og annonsar: 1 080×1 920 px

Instagram

  • kvadratisk: 1 080×1 080 px
  • breiddeformat: 1 080×556 px
  • høgdeformat: 1 080×1 350 px
  • stories: 1 080×1 920 px

  • profilbilete: 320×320 px

  • karusell: 1 080×1 080 px eller 1 080×1 350 px

LinkedIn

  • profilbilete: 400×400 px

  • bilete i innlegg: 900×600 px

  • liggande: 1 200×627 px

  • toppbilete: 1 584×396 px

  • logobilete: 268×268 px

  • karusell: 1 080×1 080 px (2 til 10 bilete)

Facebook

  • profil: 320×320 px

  • stories: 1 080×1 920 px

  • kvadrat: 1 080×1 080 px

  • liggande: 1 200×630 px

  • ståande: 1 080×1 350 px

Bilete med lenke

  • 1,91:1 til 1:1
  • minimum 1 080×1 080 px

Toppbilete og bilete til arrangement

  • banner: 823×315 px
  • hovudbilete til arrangement: 1 980×1 080 px

Video

  • best mogleg oppløysing, H.264 er tilrådd

X

  • profil: 400×400 px

  • banner: 1 500×500 px

  • bilete: 1 024×512 px

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist oppdatert 17.04.2026